Torø Hørven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.

Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .

Familie

Ungdomsbilete, med fele under armen. Ukjent fotograf.

Foreldra var Sevald Olsen Grotli (fødd 1843) og Marit Kristensdotter Horten (f. 1853). Faren var fjellstovemann på Grotli, men da Torø vart fødd, hadde dei kjøpt garden Søre Hyrve (gnr. 119.2) i Nordberg, der Torø voks opp. (I folketeljinga 1900 brukar denne familien på Søre Hyrve av ukjente grunnar etternamnet Skiaker (Skjåk).) Torø var nummer 14 i ein syskenflokk på i alt 16. Dei to eldste var halvsysken som faren hadde med to ulike kvinner før han gifta seg i 1874. Tre av syskena døydde som spedbarn.

Som 17-åring bur framleis Torø på Søre Hyrve ved folketeljingstidspunktet 1910. Ho driv «husgjerning» i hushaldet til broren, som har overteke garden etter at faren var død. Sidan flytta Torø lenger sør i bygda, og budde det meste av vaksenlivet i Aspheim (Nørdre Odden) på Bersustrond, hjå systera Laura og svogeren Amund I. Odden.

Utdanning og yrkesliv

Gjennomgåtte kjelder fortel ikkje kva utdanning Torø hadde utover folkeskulen. Det har etter alt å dømme ha vore eit års framhaldsskule i Skjåk eller Lom. Ho byrja yrkeskarrieren som funksjonær ved forsyningsnemnda i Skjåk under fyrste verdskrigen. Ei tid var ho i Fron og hadde kontorstilling hjå Ivar Ivarsson Fosse der. Så var ho handelsbetjent, fyrst hjå Th. Garmo i Lom, deretter hjå Anna Tofte i Skjåk. Den lengste delen av yrkeslivet var ho tilsett i kommuneadministrasjonen i Skjåk.

Samfunnsengasjement

Torø Hørven var ein utadvendt og vennesæl person. Ho var mellom anna mykje aktiv i det frilynte UL Fram i heimbygda gjennom mange år. Det er til dømes ei mengd humoristiske og poetiske innlegg av henne i den handskrivne lagavisa der.

Det kunne også vere polemiske ting, som når ho gjekk ut mot sladder og det ho kalla «kattesott» i bygda, dvs. misunning og sjalusi. I 1923 gjekk ho i eit innlegg inn for å styrte «dei gamle kvinner i regjeringa (styret) og få nye kræfter i staden». Ho går ut mot «kvinnesakskvinnor» som «ho bestemt vil åtvara mot skal få nokon regjerande makt innan laget.»[1] Alt tyder på at ho her var ironisk, og at ho inkluderte seg sjølv blant dei ho «åtvara» mot. I alle høve stilte ho altså til kommuneval saman med fem andre sjølvstendige kvinner frå bygda til kommunevalet fem år seinare. Dessutan markerte Torø Hørven veldig tydeleg sin rett til så å seie personleg å definere sitt kjønn, i det ho ikkje let vedtekne sanningar om kva som sømde seg for høvesvis karar og kvinnfolk bestemme korleis ho sjølv skulle kle seg og te seg.

Elles er det ikkje dokumentert kva haldningar Torø hadde til politikk og samfunnsspørsmål for øvrig. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener.

«Spelemann»

Torø Hyrve spela både toraders trekkspel og fele, og var mykje etterspurd ved dansetilstellingar og andre festlege lag. Som oftast spela ho saman med Ole Sæteren (f 1889), som også trakterte båe desse instrumenta. «Sætre’n og ’o Torø» var eit fast omgrep i bygda.

Referansar

  1. UL Fram 100 år, side 50.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker