Marlostrædet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Marlostrædet
Marlo Skjaak IMG 1336.JPG
Heimane rundt Marlo, synst i grenda Reppen. Marlostrædet lengst oppe til venstre, prestegarden nede til høgre. Midt på biletet Marlo skule. Alle heimane oppunder skogbrynet var husmannsplassar under gardane lenger nede på matjordbeltet.
Foto: Hans P. Hosar
Fyrst nemnd: 1826
Stad: Reppen
Kommune: Skjåk
Fylke: Oppland
Gnr.: 57
Bnr: 5

Marlostrædet (gnr. 57/5) er eit småbruk i Skjåk. Det var husmannsplass under gnr. 57/1 Nedre Marlo (Skjåk prestegard) til 1924, da brukaren fekk kjøpt det til sjølveige. Plassen er fyrst nemnd i kjende kjelder i 1826. Da vart det inngått kontrakt mellom plassmannen Johannes Olsen og husbonden Kristen Rasmussen Marlo. Ordlyden i kontrakten synest vise at Johannes og kona Anne var dei fyrste plassfolka i Marlostrædet. Det peikar i same retning at Johannes er den fyrste som står oppført under Marlostrædet i Ættebok for Skjåk (band I side 176).

Utsikt frå Marlostrædet over til Skjåkstronda på «Baksida» (sør for Ottaelva). Uthuset skal vere frå ca. 1850. Prestegarden kan skimtast nedanfor t.v. for uthuset (lysegrønt tak på stor driftsbygning).
Foto: Hans P. Hosar 2012

Plassfolka Johannes Olsen og Anne Eilevsdotter 1826-1868

Johannes er i ætteboka oppført som «Johannes Olsen Mallaug», fødd i 1793. Det har ikkje lykkast å finne han blant dei døypte i kyrkjeboka 1792-1794. Folketeljingane 1865 og 1875 fortel at han var fødd i Lom (Garmo sokn) i 1792. Johannes var iallfall om lag 33 år gammal da han tok til i Marlostrædet. Han var gift med Anne Eilevsdotter, som i følgje ætteboka var frå Roen i Skjåk.

Johannes og Anne fekk fire born:

  • Ola (fødd 1819) er kjend som Ola Tåro, etter namnet på plassen han bygsla som husmann under Uppistun Vange. Han vart forresten bestefar til LO-formannen Halvard Olsen.
  • Anne (fødd 1823), flytta til systersonen i Talvik i Finnmark i 1877 (saman med systera Ågot, sjå nedanfor)
  • Eilev (fødd 1828), vart sidan buande saman med foreldra i Marlostrædet og overtok bygsla på plassen (sjå nedanfor).
  • Ågot (fødd 1833), vart mor til stortingsmann Johannes Kummeneje. Ho flytta i 1877 til sonen som var blitt lærar og lensmann i Talvik. Det var same året han tok til som lærar der.

Plassfolka Eilev Johannesen og Anne Haldogsdotter 1868-1900

Eilev gifta seg i 1855 med Anne Haldogsdotter frå Nørdre Åvangslykkja i Lesja (1835-1918). Dei fekk i alt ni born i tidsrommet 1852-1877. Eldste barnet var i følgje folketeljinga for 1865 fødd i Molde eit par års tid før foreldra gifta seg. Alt tyder på at Eilev har reist utanbygds ein periode for å søkje levebrød, og at han undervegs altså skaffa seg både kone og born.

I folketeljinga 1865 bur Eilev og Anne og deira til da fem born i alderen 2-13 år saman med dei aldrande foreldra til Eilev i Marlostrædet. Men det er framleis faren Johannes som står for plassen. Eilev overtok bygsla på same plassen tre år seinare, sjå kontrakten frå 1868. Da var husbondsgarden Nedre Marlo kort tid føreåt vorte prestegard i Skjåk, slik at kontraktspartnaren nå var sokneprest Otto Ottesen.

Med husmannskontrakten forplikta Eilev seg til å gje føderåd til foreldra. I folketeljinga 1875 er gamle Johannes vorten enkjemann, og attåt føderåda kom litt stønad frå fattigvesenet.

Om Eilev står det i folketeljinga 1875 at han ved sida av å vera husmann med jord dreiv med muring og vegarbeid. Det kan vel vere at han der bygde vidare på yrkeserfaring frå utferdstida si i ungdomen.

I folketeljingane får vi også mål på storleiken av jordbruket på plassen. Dei har to kyr, 3-8 sauer og fire geiter. Dei sår ei halv tønne bygg og 1,5 tønner poteter.

Eilev er framleis oppført som plassmann i Marlostrædet på folketeljingstidspunktet 1900, og kona Anne lever også enno da. Eldstesonen Johannes (fødd 1858) bur saman med dei. Han har eigen familie, kona Eldri Olsdotter frå Garmostrædet i Lom (fødd 1869) og deira tre born. Johannes hadde vore gift ein gong før med Guro Persdotter Tråstad, men ho døydde saman med det nyfødde tredje barnet dei fekk saman i 1889. Den fråskilde systera til Johannes, Anne Eilevsdotter, dagarbeidar, bur også på plassen ved folketeljingstidspunktet 1900. Ho har ei dotter på 10 år.

Fem dagar etter at folketeljinga var halden den 3. desember 1900, døydde Eilev. Da var det Johannes som overtok bygsla av plassen under prestegarden

Plassfolk og sjølveigande småbrukarar Johannes Eilevsen og Eldri Olsdotter 1900-1929

Johannes og Eldri dreiv plassen som husmannsfolk til 1924, da dei fekk kjøpt han til sjølveigd småbruk, gnr. 57.5 Marlostrædet.

Elles var Johannes skomakar av yrke. Allereie i 1875 er det notert i folketeljinga at han delvis ernærte seg som skomakar. Han var da 17 år gammal. Han levde til 1929.

Guttorm og Johan

Etter at Johannes døydde, var det to ugifte søner av Johannes og Eldri, Guttorm (fødd 1902) og Johan (fødd 1909) som tok over småbruket. Dette levde dei av attått anna arbeid til dei vart pensjonistar og døydde i 1970-80-åra.

I jordbruksteljinga 1939 får vi arealoppgåver. Det er 14 dekar dyrka mark og 15 dekar produktiv skog til småbruket. Dei før tre kyr og har litt geit og gris.

Etter at Guttorm og Johan vart borte, stod Marlostrædet folketomt i ein del år. I 1991 vart staden seld til ein familie frå Vestlandet som hadde flytta til Skjåk. Dei har bygt ny våning og sett i stand dei gjenverande gamle husa der.

Kjelder