Johannes Kummeneje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Johannes Kummeneje (1857-1937). Fotograf ukjent.
Johannes Hansen Kummeneje (Kummeneie) (fødd 7. oktober 1857 i Skjåk, død 19. mai 1937 i Talvik) var lærar, lensmann og Venstre-politikar. Han representerte Finnmark på Stortinget 1919-1924.

Han var fødd på husmannsplassen Marlostrædet i Skjåk. Foreldra var Hans Olsen Ulen og Ågot Johannesdotter Marlostrædet. Foreldra var ugifte, som Kummeneje sjølv fortel i eit intervju med Gudbrandsdølen i 1919. Med hans ord var dei «begge ukjendte husmandsfolk av hjertelig simple kaar». Han vaks opp på ein annan husmannsplass, Kummestugu eller Kummeneie, i same grenda som Ulen og Marlostrædet.

Etter allmugeskulen fekk han gå to år på Vågå høyere almenskole. Deretter nytta han seg av ordninga som var blitt innført med gratis lærarutdanning ved seminaret i Tromsø mot plikt til å lære seg samisk og ta pliktår som lærar i Finnmark. Han vart uteksaminert frå seminaret i 1877.

Kummeneje var lærar i Talvik 1877-1886 og lensmann same stad 1886-1925. Ved sida av lærargjerninga og lensmannsbestillinga var han i perioden 1884-1894 heradskasserar. Han og familien dreiv gardsbruket Klokkerstad frå 1886.

Han var medlem av Talvik heradsstyre samanhengane frå 1883 til 1919, og hadde fleire andre offentlege tillitsverv. Han vart vald til stortingsrepresentant for Vestfinmarken til Stortinget 1919-1921. Den etterfølgjande perioden 1922-1924 var han fyrste varamann frå fylket, og måtte som såvoren møte i det meste av perioden. På Stortinget var han medlem av Kyrkje- og skolekomiteen, og Næringskomiteen og Valkomiteen.

Kjelder og litteratur