Guro Tråstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Guro Tråstad. Fotograf ukjent.

Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.

Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk. [1] I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania. På folketeljingstidspunktet 1910 er ho registrert som «skolelev» buande hjå systera Marit i Marlo skule, der Marit hadde telefonsentralen og samstundes var vaktmeister.[2] Det framgår ikkje kva skule ho var elev på ved det tidspunktet.

Frå 1917 og i nær 40 år deretter verka ho som organist ved Skjåk kyrkje. Ho spela også langleik. Ho var oppglødd for historie og kulturvern, og arbeidde i fleire år som omvisar på Norsk folkemuseum og på Maihaugen.

Særleg var ho ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho var med i styret for UL Fram i heimbygda seinast frå 1916 og fram til 1928. Ho var leiar 1916-1917 og 1919-1921, og var elles ein trufast støttespelar så lenge ho hadde helse til det. Ho var æresmedlem i laget.

Guro Tråstad var litterært interessert, og skreiv mellom anna små skodespel til framføring i ungdomslaget. Eit av desse var «Truverdige ektefolk» framført 1940, eit anna var «Eit møte på vegen», framført i 1941. Ho instruerte sine eigne stykke, og vart truleg nytta som instruktør også for andre oppsetningar. Ho skreiv også dikt, og var også ein mykje brukt prologskrivar ved festlege samkomer og høgtider i bygda.

Fråsett den tida ho var utanbygds på skule eller i arbeid, budde Guro Tråstad stort sett på heimegarden Nedre Tråstad, som den nemnde systera Marit overtok etter foreldra og dreiv saman med mannen Jo Slettom. Iallfall i seinare år, etter at nevøen Jonas og familien hadde overteke garden, hadde ho ei stove for seg sjølv på garden. Guro Tråstad levde ugift heile livet.


Referansar

  1. Guro Jonsdatter Traastad i folketeljinga 1900 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  2. Guro Jonsdatter Traastad i folketeljinga 1910 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900
  • Folketeljinga 1910
  • Nekrolog i Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg, juni 1967.
  • Omtale på 50-årsdagen i Laagen 24.2.1941.
  • Ættebok for Skjåk bd. I, side 174, spalte 1
  • UL Fram 100 år 1898-1998 (hefte utgjeve av laget)

Eksterne lenkjer