Fron historielag
Fron historielag dekkjer kommunane Nord- og Sør-Fron, altså det gamle Fron prestegjeld. Laget vart stifta 19. august 1928, med Jon Harildstad som formann. Kristofer Fliflet i Gudbrandsdal historielag og historieskrivaren Ivar Kleiven var òg involverte i skipinga av laget. I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Kleiven som forfattar.
Seinare har Fron historielag gjeve ut fleire bøker, mellom anna Gardar og slekter i Fron (bind 1 og 2) av Einar Hovdhaugen og Historia om Fron (bind 1 og 2) av Ragnar Øvrelid. Laget har sett opp eit bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp og oppgangssaga ved Sulheim. Historielaget har eige arkiv på Opplandsarkivets Maihaugen-avdeling og arrangerer dessutan historiske vandringar. Eige medlemsblad blir gjeve ut i samarbeid med lokalavisa Dølen på Vinstra. Sidan 2003 gjev laget ut årboka Fronsbygdin, med same namn som Kleivens bygdebok.
Styreleiar (pr. 2010) er Pål Kjorstad. 13. november 2009 tok han imot Nord-Fron kulturpris på vegne av Fron historielag.
Kjelder og litteratur
- Fronsbygdin 2010-2011, s. 155-157.
- Heimesida åt laget