Fride Gunn Rudi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fride Gunn Rudi (fødd 14. oktober 1957 i Sør-Fron) er bonde og lyrikar.

Fride vaks opp i Øverbygda i Sør-Fron kommune. Her lærte ho å bli glad i dyr og jordbruk. Mora var heime og ho og syskena hadde eit trygt og godt oppvekstmiljø.

Ho gjekk på Gudbrandsdal Gymnas på Vinstra, naturfagleg studieretning, og så på Valdres Husflidsskule på Fagernes, teikning/form/farge og vev. Etterpå blei det eit års agronomutdanning på Klones Jordbruksskule i Vågå. Til slutt gjekk ho eit år på Nybu, husflidsskulen på Lillehammer, tre- og metallforming.

Etter skulegang byrja ho som kontrollassistent i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Der reiste ho rundt på gardar, og lærte mykje om folk og dyr. Den same jobben fekk ho i heimkommunen sin, der ho arbeidde i neste 10 år til ho fekk sin fyrste unge.

Etter det har ho vore heimearbeidande med etterkvart tre barn, mann og dyr; fyrst hund og katt. I 2004 kjøpte familien eit småbruk på Kjønås i Ringebu, og fleire dyr kom til; sau av ymse raser og mohairgeit. Ho elskar å drive med dyr og interesserer seg sterkt for landbruk.

Fride Gunn Rudi har og ei skapande side. Tankar og ideer kjem ned på ark eller på eit teikneark eller lerret. Sider som beriker livet hennar.

Ideen om å skrive bøker hadde ho i mange år, og i 2018 debuterte ho med diktsamlinga I mitt stille sinn. Boka er illustrert med eigne malerier, tekstane er på nynorsk og ho skriver i eg-form. Ellers har ho hatt nokre artiklar i lokale historiebøker, skrivi utallege lesarinnlegg i ymse aviser og vore frilansjournalist i lokalavisa Dølen.


Bibliografi

  • I mitt stille sinn. Publica, 2018.


Kjelder


Sjå også