Margit Rogne (1911–1976)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Margit Rogne (fødd 3. februar 1911, død 21. november 1976) var gardkone på Midtre Rogne (Framigarden Røgne, gnr. 44/9) i Øystre Slidre i Valdres.

Ho var dotter av gardbrukarparet Ingeborg (Ingebjørg) f. Sletten (1888–1914) og Tore Hagaseth (1880–1952) i Sørre Hagaset (gnr. 29/1) i Nord-Etnedalen. Margit hadde ein to år eldre bror, Anders, som vart lensmann i bygda.

Mora Ingeborg døydde i 1914, berre 26 år gammal. Faren gifta seg i 1925 opp att med Anna Jørstad og fekk sju born med henne.

I 1930, då ho var 19, gifta ho seg med den tre år eldre Gudleik Rogne (1908–1990) frå Øystre Slidre. Han hadde året før teke over garden Midtre Rogne etter foreldra Olav G. Rogne og Marit f. Jørstad. Margit og Gudleik fekk fire søner:

  • Olav (1930)
  • Torleiv (1933)
  • Magne (1937)
  • Ivar (1946)

I Norske Gardsbruk frå 1950 kan vi lese at det var åtte kuer og tre hestar på Rogne. Dei satsa spesielt på hesteal.

Kjelder og litteratur