Totens fogderi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Totens fogderi vart skilt ut frå Hadeland, Toten og Valdres fogderi i 1764. Totens fogderi skulle da omfatte tinglaga Toten, Vardal, Gran og Jevnaker. I 1815 (kgl.res. 3. juni 1815) vart Hadeland (Gran og Jevnaker tinglag) overført frå Toten til Valdres, Land og Hadeland fogderi, medan Fåberg og Gausdal vart tillagde Toten frå Gudbrandsdalen fogderi. Ei kortare periode deretter heitte fogderiet «Toten og det sydlige Gudbrandsdal fogderi». I 1860 vart Fåberg og Gausdal tilbakeførde til Gudbrandsdalen, det vil si det da nyoppretta Søndre Gudbrandsdal fogderi.

Totens fogderi omfatta deretter bygdene Biri, Snertingdal, Vardal, Østre Toten, Vestre Toten, Eina og Kolbu inntil fogderiet vart avvikla i 1909 saman med dei andre fogderia i Kristians amt.

Ulikt det stabile Toten sorenskriveri varierte altså grensene for fogderiet mye gjennom tidene. Men dei to administrative einingane har saman med Toten prosti verka til at landskapet Toten i manges auge strekker seg utover det gamle Toten prestegjeld.

Frå 1860 til avviklinga var fogden i Toten og magistrat i Gjøvik by, med bustad der. Tidlegare fogdar hadde budd på ulike storgardar på Toten og Hadeland, til liks med dei andre embetsmennene på Vestopplanda.

Fogder

Kjelder