Hadeland og Valdres fogderi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hadeland og Valdres fogderi var eit futedømme som inntil 1764 omfatta både Valdres og heile Vest-Oppland (Hadeland, Land og Toten med Vardal og Biri). Strengt tatt var «Hadeland og Valdres» namnet som vart nytta til 1685, deretter vart namnet «Hadeland, Toten og Valdres». Land og Valdres var utskilt som eige embete i perioden 1631-1635. Også Ringerike vart rekna til fogderiet fram til 1615.
Ved delinga i 1764 vart
- Toten futedømme tillagt tinglaga Toten, Vardal, Gran og Jevnaker, dvs. Hadeland og Toten med Vardal, og
- Valdres futedømme tinglaga Biri, Land, Aurdal, Slidre og Vang, dvs. heile Valdres, Land og Biri.
Dei einskilde bygdene som inngjekk i futedømma, får ein oversyn over i den generelle artikkelen om futedømma.
Futar
- Niels Muus er nevnt som fogd på Toten i 1438 og 1444
- Bent Haard fogd på Toten i 1538
- Mauritz Jonssøn (1541)
- Niels Krabbe (1560-1581)
- Lauritz Hansen (Omtalt som tidligere fogd i 1578)
- Peder Knudssøn (1577–1608)
- Hans Arildsen Winche (1610)
- Lauritz Tordsen (1612–1615)
- Lauritz Michelsen (1615–1616)
- Peder Jenssøn (1616–1625)
- Peder Knutsen (1626–1627)
- Hans Eggertsen Stockfleth (1628–1629)
- Hans Nielsen (1629–1630)
- Hans Gregersen (1630–1631)
- Jacob Hansen (1631–1635)
- Christen Langesen (1635–1637)
- Peder Lauritzen (1637–1642)
- Jacob Eggertsen Stockfleth (1642–1646)
- Niels Bentsen 1646–1664)
- Jacob Madsen Lund 1664–1669)
- Bendix Jørgensen (1668–1676)
- Cornelius Hansen Hvid (1676–1691)
- Herman Budtz (1692–1693)
- Johan Nernst (1693–1724)
- Caspar Nernst (1724–1742)
- Peter Dorff (1742–1764)
Kjelder og litteratur
- Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 340-344.