Aurdal prestegjeld
Aurdal prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Oppland, og dekka dei noverande kommunane Sør-Aurdal, Nord-Aurdal og Etnedal kommune. Det vart i 1805 delt i to, Nord-Aurdal prestegjeld og Sør-Aurdal prestegjeld. Etnedal vart delt mellom dei to prestegjelda, med Bruflat i Sør-Aurdal og Nord-Etnedal i Nord-Aurdal.
Ved delinga av prestegjeldet hadde det desse sokna: Bagn, Reinli, Bruflat og Hedalen i Sør-Aurdal og Aurdal, Ulnes, Svenes og Skrautvål i Nord-Aurdal. Sokneinndelinga vart seinare endra ein del, og Etnedal prestegjeld vart oppretta i 1894.
Kyrkjebøkane er felles fram til 1805, og er så delt mellom Nord- og Sør-Aurdal. Etnedal har eigne bøker frå 1894. Den eldste innføringa er frå 1692.
Kyrkjebøkene er tilgjengelege på Digitalarkivet:
- Aurdal prestegjeld, 1692–1808.
Kjelder
- Prestegjeld og sokn i Oppland på Digitalarkivet
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket
Koordinater: 60.9247111° N 9.4134194° Ø