Åbø (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åbø er det midtre i rekka med tre hus. Foto 2021

Åbø (Fyresdal gnr. 37/5/12) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 11.

Det kan tidleg ha vore eit lite hus på Åbø. I 1880 fekk Gunvor Bjørnsdtr. Åbø eit barn. Fyrst i 1892 vart eit jordstykke bygsla til Tori Øyuvson mot 5 kroner i årleg leige. På eit foto av Olstad ser vi at på sydsida av Skippergata er rekka med bygningar i ferd med å kome på plass.

I 1897 festa Kjetil Augundson Åbø, han var skogsarbeidar og ugift.

Med omsyn til at det her tidleg kan ha vore eit lite hus så er det i tunet ein eldhusbygning med skjul, skåle og eldhus der siste er eit rom bygd av særs grovt tømmer, truleg det nemnde tidlege huset. Om dette står det i riksantikvaren sitt kulturminnesøk.no:

Enkeltminnekategori: Bygning. Enkeltminneart: Annen bygningsart. Opprinnelig funksjon: Uspesifisert. Datering: 1600-tallet Eksakt datering: 1615-16. Vernestatus: Automatisk fredet. Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978. Paragraf: 4.3 (Fredning av byggverk 1537-1649) Vernedato: 2013-12-11.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.

Biletgalleri