Olstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olstad i Folkestadbyen før 1905. Truleg familien Olav T. Vaddeli til venstre. Bygningar i Skippergata under oppbygging.
Foto: Cabinet Portrait / Ukjend fotograf.

Olstad (Fyresdal gnr. 37/54) er gått ut frå Århus (Fyresdal gnr.37/1) i Fyresdal kommune. I 2018 har Olstad adresse Skippergata 6 i Folkestadbyen.

Olav Tarjeison Århus bygsla i 1886 ei tomt for 15 kroner årleg leige. Truleg vart Olstad og stovebygningen bygd då. Nokre år seinare, mellom 1891 og 1899, budde Olav Tarjeison her saman med kona, Tone Marie Olavsdtr. (1861-1957) frå Vaddeli. Dei fekk fem born i lag. Før 1900 hadde dei flytt opp til Vaddeli, men som gamle budde dei på Smeland som han kjøpte i 1928. Der døydde han i 1935. Olav vart etter kvart kjent som "Olav Vaddeli". Han var dampskipsførar på D/S Fyresdølen og fekk tilnamnet "Storskipparen". Skippergata har fått sitt namn etter han.

Målaren Johannes Steinsland frå Bergen budde der nokre år etterpå. Deretter kjøpte familien Olav A. Myrane Olstad i 1906. Etter dette har Olstad hatt fleire eigarar.


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33