Åheim (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vi ser Åheim heilt til høgre i husrekka i Skippergata. Foto 2021

Åheim (Fyresdal gnr. 37/5/14) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 7.

Fargar Tarjei Sigurdson Lie bygsla i 1896 eit stykke jord til 8 kroner årleg leige. Fyrst i 1928 vart kontrakta tinglesen. Tarjei dreiv med farging og stamping av vadmål, stampa hadde han borte i Bygdaråa.

Tarjei Lie og kona Else Olavsdotter hadde bygd hus her då det vart halde folketeljing 1900.

På eit foto av Olstad ser vi at på sydsida av Skippergata er rekka med bygningar i ferd med å kome på plass.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.