Aketun Fisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aketun Fisk blei starta som ei familiebedrift i 1999. Verksemda produserer fiskeprodukt basert på lokale fornybare ressursar. Hovudproduksjonen gjeld foredling av sjølvfanga sik, aure og røye. Innkjøp av m.a. gjedde, aure og ål er med på å utvide varesortimentet.

Ingebjørg og Jonny Aketun kom til Aketun i Fardal i 1989. Garden hadde vore i slekta til Ingebjørg, og no var det deira tur til å ta over. Dei fyrste åra dreiv familien med sauedrift. Det var ein tur til Sør-Sverige våren 1999 som inspirerte dei til omlegging av drifta. Med rettleiing frå Nils Ekwall frå Tiraholm Fisk blei det satt ut ei storruse i Fyresvatn i juni same året. Med omstilling blei gardsbygningane ominnreidd til foredlingsrom, røykeri og gardsutsal.

I dag foredlar verksemda om lag 12-14 tonn innlandsfisk årleg. Mesteparten av varene blir solgt til hotell, restaurantar og spesialbutikkar. Sumarstid er det også utsal frå fiskeforretninga på garden.

Kjelder og vidare lesning