Breim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Breim i 1936, med kyrkja og Breimsvatnet.

Breim er ei bygd og ein tidlegare kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane fylke. Breim kommune vart skilt ut frå Gloppen i 1886, men slegen saman att med Gloppen i 1964. Garden Førde gjekk derimot til Jølster. Gjennom historia som sjølvstendig herad hadde Breim eit nokonlunde stabilt folketal, på omkring 1800 innbyggjarar. Ved kommunesamanslåinga i 1964 budde det 1769 personar i bygda, fordelte på 358 km2.

Breim er oppdelt i tre nord-sørgåande, tronge dalfører mellom høge, snødekka fjell. Det vestlege er oppfylt av det store Breimsvatnet, og gjennom det midtre (Våtedalen) går E 39, som bind Nordfjord saman med Sunnfjord og Sogn. Ein stor del av Innviksbreen, ei grein av Jostedalsbreen, ligg i Breim.

Jordbruket har vore viktigaste næringa i Breim, og sidan tidleg på 1900-talet har det vorte satsa mest på husdyrhald. Rundt fyrste verdenskrig hadde bygda tre meieri og to ysteri. Tidlegare vart det òg dyrka mykje korn i Breim. Byrkjelo og kyrkjestaden Re er tettstader.

Bygdenamnet, som blir uttala /breim/ og /breimn/, er set saman av adjektivet breiðr (brei) og substantivet efni (emne). Det kan opphaveleg ha vore eit gardsnamn, og siktar kanskje til ein brei strekning som er tenleg til dyrking. Innbyggjarnamnet er breimning.

Kjelder og litteratur