Biskopsvarden er en varde som står på høydedraget rett vest for Store Skiftessjøen i Eidfjord kommune. Varden har et kraftig, rektangulært fundament med delvis oppbygd varde, delvis omrotet og sammenrast. Bolter i et par av steinene etter sekundær bruk som mastefeste. Bilde fra 1985 viser en helt sammenrast varde. Steinene i fundamentet er sterkt overgrodd. Biskopsvarden er en av flere varder på den eldgamle ferdselsveien mellom Eidfjord og Hol. Alderen på vardene er uavklart, men trolig kan de være oppsatt på slutten av høymiddelalderen. Les mer …
Øvre Åkerstølen, med ruinar etter ei steinbu i framgrunnen. Foto: Marianne Wiig (2012)
Åkerstølane ligg på nordsida av Åkerstølåni på Ustaoset i Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Gampetjørne i sør til Tvergasteintjørne i nord. Båe stølane høyrer til gardar i Ustedalen: Nedre Åkerstølen til Nordre Foss og Øvre Åkerstølen til Fosshaugen.
Eigedomstilhøve
Ved gardssyn i 1751 var Åkerstølen ført opp som langstøl til søre Foss, Lio. Nordre Foss må også ha hatt ein del av stølen, for i 1801 gjekk Sjugurd Olson nordre Foss og Elling Ellingson søre Foss til felles sak mot grannane på Sand-gardane i Kvisla, som hadde late dyra sine beite på Åkerstølvollane. Tre år etter var det igjen strid om Åkerstølen. Da vart far til Sjugurd, Ola Knutson nordre Foss, stemnd for forlikskommisjonen av Eirik Vebjørnson Solheim. Ola skal ha selt sin del av Åkerstølen til Eirik, men ville ikkje kjennes ved dette. Les mer …
Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter. Les mer …
Attgrodde ruinar etter noko som antakelig har vore ei steinbu til stølen Mjølhaugen, Ustaoset. Foto: Marianne Wiig (2012). Stølen Mjølhaugane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølen høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772 følgde han nedre nordre Geilo. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt. Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingjerder ligg i dag (2012) på ein skrå voll nedanfor Mjølhaugane. Les mer …
Lars Reinton (født 29. mars 1896 i Hol i Hallingdal, død 15. oktober 1987 i Oslo) var lærer og historiker, dr. philos. Fra 1955 var han statsstipendiat. Reinton viet store deler av sitt liv til å skape en god vitenskapelig og organisatorisk ramme om lokalhistorien, og det er denne innsatsen han huskes best for i dag. Han var blant annet leder for Landslaget for bygde- og byhistorie i 25 år, fra 1945 til 1970. Hans bygdebok om hjembygda Hol ble veiledende for senere verk. Også mye av hans akademiske arbeid er nært knyttet til lokal- og slektshistoriske temaer. Det gjelder definitivt hans doktoravhandling fra 1939 om Villandane, og kan med god rett sies også om hans seinere store arbeid om seterdrift i Norge. Les mer …
|