Torbjørn Trageton

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av læraren Trageton frå tida ved skular i Hemsedal mellom 1865 og 1874.
Foto: Ukjend fotograf.
Torbjørn Trageton var den fyrste fotografen i Hol. Han tok mellom anna dette biletet av Hemsedal stavkyrkje. Det skal vere det einaste biletet som finst av kyrkja, som vart rive i 1882.
Foto: Torbjørn Trageton / Hol Bygdearkiv (1874.).

Torbjørn Arneson Trageton (også skrive Trøgaton og Tragethon) (fødd 25. februar 1840 på nordre Trageton i Kvisla, Hol, død 1893) var fotograf, lærar og bonde.

Foreldra var Arne Sigurdson Trageton (1811-1888) og Guri Olsdotter Underberg (1813-1875) frå Ål. Dei var gardbrukarar på nordre Trageton. Torbjørn var nummer tre i syskenflokken på ni. Fem av dei reiste til Amerika, mellom anna dei to eldste brørne. Torbjørn gifte seg med Guri Larsdotter Isungset[1] (1854-1924), og dei fekk sju born.

Trageton var den fyrste fotografen i Hol. Han byrja å fotografere frå midten av 1860-åra, fyrst i Hemsedal, seinare i Hol. På nordre Trageton hadde han eit lite atelier der han fotograferte portrett og gruppebilete. Han tok også nokre bilete utandørs av gardar og landskap. Ei samling på kring 670 negativ vart funne etter han på låven på garden på 1980-talet. Sambygding og fotograf Lars Bry (1904-1988) fekk redda desse gjennom å lage kopiar, og samlinga var med på å danne grunnlaget for Hol bygdearkiv.

Trageton kom truleg i kontakt med fotografyrket medan han utdanna seg til lærar ved Asker seminar. Han gjekk ut derifrå i 1865 og starta same året som lærar i krinsane Tuv, Lio og Grøndal i Hemsedal. I 1874 overtok han farsgarden og heldt frå da fram som lærar i Kvisla og Lio fram til 1892. Ein kollega i Hemsedal, Hans Flaten, skreiv at han var «En sjelden god lærer. Stø og rolig i sitt foredrag, ikke et ord for meget, ikke et ord for lite. Solide kundskaper. En pioner på skolens område i Hemsedal». [2] To av brørne til Torbjørn, Sigurd og Arne, var også lærarar. Arne var dessutan den fyrste klokkaren i Hol.

Som gardbrukar fekk Trageton god bruk for dei praktiske evnene sine. Han hadde godt lag med ymse handverk og dreiv mellom anna med måling, snikring og smiing. Reiskap og møblar som han lagde, var i bruk på Trageton lenge etter at han var død. Det var fleire hendige folk i familien. Av syskena virka Herleik som ljåsmed, medan Ola og Asle dreiv som rokkemakarar, i tillegg til at dei dreiv gardane Fosshaugen (Ola) og nordre Foss (Asle) i Lio.

Trageton var formann i fattigstyret 1885-86.

Referansar

Fotografi av Torbjørn Trageton

Kjelder og litteratur