Hemsedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Hemsedal, Hydnefossen.
Foto: Stig Rune Pedersen (1999).
Store Jukleeggi og Høgeloft på grensa åt Lærdal kommune.
Foto: Sondrekv (2008).
Skogshorn eller Skogshødn, tredje største fjellet i Hemsedal.
Foto: BKP (1999).
Hemsedal stavkyrkje var soknekyrkja i bygdi fram til ho vart riven i 1882.
Som dei andre Hallingdalsbygdene har Hemsedal frå gamalt av ein rik handverkstradisjon. Biletet viser ei ølbolle eller målaskål.
Foto: Ukjent. Eigar: Norsk folkemuseum.

Hemsedal er ei fjellbygd i Hallingdal i Buskerud fylke. Ho samsvarar geografisk med Hemsedal kommune, eigen kommune sidan 1897, og er den nørdste bygdi og kommunen i fylket. Senteret i bygdi er Trøim (eller Trøym), som er både kommunesenter og kyrkjestad, og som har mykje av det lokale forretningslivet. Tettstaden hadde 774 innbyggjarar i 2012. Dessutan bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar bygdi til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Nes prestegjeld, seinare Gol prestegjeld. Geografisk fell bygdi saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang».[1] Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).

Mål

Talemålet i Hemsedal er frå gamalt av stort sett likt målet i dei andre Hallingdalsbygdene, med nær skyldskap til Valdresmålet. Det er eit typisk midlandsmål med felles austnorske drag som jamvekt, tjukk l og lågtone, og alderdomlege trekk som forskjellig bøying av sterke og linne hokjønnsord, dativsbøying av substantiv og fleirtalsbøying av verb. Eit typisk trekk for Hallingmål (og Valdresmål) er at norrøn -rn- har vorte differensiert til -dn- i formar som høddn (horn) og hæstadn (hestene), dette heng saman med dialektane i indre Sogn. I Hemsedal blir dette somme gonger til -tn-. Innbyggjarane i bygdi kallast hemsedølar.

Historie

Ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten må Hallingdal ha vore tynt folkesett i forhistorisk tid, fordi folk i dalen ikkje er nemnd i Heimskringla. Det er funne gjenstandar frå steinalderen i Hol og Vang, og det er derfor sannsynleg at det budde folk også i Hemsedal på denne tidi.[2] Det er også blitt funne trekol i bygda, det eldste er frå 200- og 300-talet, noko som vitnar om jernutvinning i området.[3]

Som i Valdres og Telemark trur ein at den fyrste innvandringi skjedde frå Vestlandet, sidan kyststrøki vart folkesett føre innlandsstrøki.[4] Hemsedal har også seinare hatt mykje samkvem over fjellet med Vestlandet, særlig med dei næraste bygdene i indre Sogn. I millomalderen høyrte heile Hallingdal til Gulating, og dalen låg fyrst til bispestolen i Selja, så til bispestolen i Bergen. I tidi 1111-1122 oppretta så kongene Øystein og Sigurd Jorsalfar bispestolen i Stavanger, der Hallingdal høyrte under fram til 10. april 1631, då det vart lagt under Christiania stift.[5]

Bygda fikk kyrkje då Hemsedal stavkyrkje vart bygd rundt 1207-1224. Kyrkja er fyrste gong nemnd i rekneskaps- og dagbøker som pavelege nuntier (sendebod) førte når dei krav inn tiende i Norden i perioden 1282-1324, og kyrkja er då kalla «Ecclesia Aamsodal». Stavkyrkja sto rett søraust for garden Kyrkjebøen, som tidlegare heitte Skodvin eller Skadengård, og kyrkja er då òg nemnt som «Skodvinar Kirkja i Hemsudali» i 1327. Stavkyrkja stod fram til 1882, då ho vart riven og erstatta med nye Hemsedal kyrkje.[6]

Ifylgje skattematrikkelen av 1647 var det berre ein fullgard i bygdi, i tillegg til 24 halvgardar og 15 eller 16 skyldsette øydegardar.[7]

I siste halvdel av 1800-talet vart vegen gjennom bygda bygd ut, og ein håpa at denne vegen skulle bli stamveg millom Austlandet og Vestlandet. Då Bergensbana opna i 1909 forandra dette seg: Øvre Hallingdal vaks, medan Hemsedal vart ei bakevje. Likevel byrja turistane å koma til Hemsedal på denne tidi: Skogstad Hotell på Trøim sto ferdig i 1905, og var det fyrste hotellet i bygdi. Frå 1915 byrja også folk utanbygds frå å byggje hytter, dei fyrste vart bygd nær den austre grendi Lykkja.[8]

Tusenårsstad

Tusenårsstaden åt Hemsedal kommune er Klokkarsteinen, ein stein som ligg halvvegs uti Hemsil ved Fossheim på Ulsåk. Tre ulike segn fortel om korleis steinen havna der. Eitt av dei er attgjeve hos Flaten:

Hemsedal som de fleste andre bygder har sine sagn om St. Olav. Han steg med ene foten paa Grøtenuten og med den anden paa Storehødn. Han hadde i fanget en stor sten, som han slap ned i Heimsil ved Ulsaaker. Stenen sprak sund i faldet, men ligger der endnu og kaldes Klokkarstenen. At den fik det navn, gik saa til, siges der: Kirkeklokkerne i Hemsedal har saa vén klang, at man, syntes, de var alt for gode for en liten fjeldbygd. De skulde kjøres til Drammen. Som man kom isveien med dem til St. Olavsstenen, blev klokkerne med ét saa tunge, at hesten ikke kunde rikke dem av flekken. Man satte for en hest til, men det munte ikke. Man skjønte aarsaken og snudde. Tilbake dro en to aars fole dem.[9]

Folketalsutvikling

Tidspunkt og kjelde Folketal
Skattematrikkelen 1647 (anslagsvis)[10] 400
Folketeljingi 1769[11] 1 040
Folketeljingi 1801 1 154
Folketeljingi 1815 1 245
Folketeljingi 1825 1 374
Folketeljingi 1835 1 626
Folketeljingi 1845 1 775
Folketeljingi 1855 1 732
Folketeljingi 1865 1 609
Folketeljingi 1875 1 623
Folketeljingi 1891 1 499
Folketeljingi 1900 1 420
Folketeljingi 1910 1 364
Folketeljingi 1920[12] 1 358
2012 2 215

Ved folketeljingi i 1769 budde det 1 040 menneske i Hemsedal. I perioden fram mot folketeljingi i 1845 aukte folketalet i Hemsedal, og det året budde det 1 775 personar i bygdi. Sidan byrja for alvor utvandringi til Amerika, og ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten utvandra til saman 1 008 menneske frå Hemsedal som er registrerte i ministerialbøkene. Han rekna dessuten med at kanskje eit hundretal menneske kunne ha utvandra uten å ha vorte registrert der.[13] Det største utvandringsåret i historia om bygdi var 1861, då heile 173 menneske utvandra. Flaten skriv det fylgjande:

Det siges, at man saa tydelig at kirkealmuen i Hemsedal hadde minket. Grunden er vel den store misvekst aaret før, flomaaret 1860, da bygden maatte kjøpe alt korn baade til føde og frø. ... Brukene Kroken, Bækkedal, Leirehaug, Haugssletten, Harahaug har siden staat øde.[14]
Periode Antal utvandrarar til Amerika[15] Merknader
1845 27 Ifylgje Flaten var desse dei fyrste utvandrarane frå Hemsedal til Amerika.
1846-1850 43
1851-1855 76
1856-1860 43
1861-1865 203 Dei fleste av desse, 173, drog frå Hemsedal i 1861.
1866-1870 117
1871-1875 52
1876-1880 98
1881-1885 112
1886-1890 97
1891-1900 65
1901-1913 75 Siste familien drog i 1903.

Kjente hemsedølar

Galleri

Referansar

  1. Flaten 1914, side 6.
  2. Flaten 1914, side 6.
  3. HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  4. Flaten 1914, side 6.
  5. Flaten 1914, side 6-7.
  6. HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål. Namnet «Ecclesia Aamsodal» er nemnt i Pavelige Nuntiers Regnskabs- og Dagböger, førte under Tiende-Opkrævningen i Norden 1282-1334, udgivne efter Offentlig Foranstaltning ved P.A. Munch, med et Anhang af Diplomer.
  7. HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  8. HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  9. Flaten 1914, side 9.
  10. Henta frå HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  11. Tali frå 1769 til 1910 er henta frå Flaten 1914, side 94. Flaten oppgjev årstalet 1890, men visar truleg til folketeljingi 1891.
  12. Henta frå HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  13. Flaten 1914, side 94.
  14. Flaten 1914, side 93.
  15. Tali er henta frå Flaten 1914, side 92-94.

Kjelder

Eksterne lenkjer


Koordinater: 60.8614° N 8.5565° Ø