Gulatinget

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gulating»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagens Gulatinget med scene og Bård Breiviks installasjon.
Foto: Siri Rutledal Iversen (2022).
Porten til Gulatinget i dag. Foto: Siri Rutledal Iversen, 2022.

Gulatinget var tingstaden for Gulatingslagen, det vil seie området der Gulatingslagen var gjeldande rett. På tingstaden samla folk seg kvar vår for å avgjera tvister og døme i saker. Namnet kjem frå Guløy på Flolid, der den opphavlege tingstaden låg frå 900-talet. Kring 1300, etter at Landslova hadde teke over for landskapslovane, vart tingstaden flytta til Bjørgvin, og frå 1604 vart området kalla Bergen lagting.

Namnet er teke vare på i form av Gulating lagmannsrett i Bergen, som dekker eit noko mindre område enn den gamle Gulatingslagen.

Møtetida for tinget var opphavleg på våren, og i kristen tid var det sett til torsdag i påskeveka, altså fyrste torsdagen etter påskedagen. Tida vart seinare flytta. I 1274 er botolvsmesse den 16. juni nemnd, og frå fyrst på 1300-talet vart tinget samla til jonsok.

Skipinga av Gulatinget

Ifølge Knut Helle er det truleg at Gulatinget fyrst vart skipa i Harald Hårfagres dagar (872-932), og at det var ein parallell ordning med Leidang og Lagting under Håkon den gode. Dei skrivne kjeldene er av seinare dato. Gulatinget er fyrst nemnd i Are Frodes Íslendingabók frå 1120-åra.

Men då Island var vorte vidt busett, då hadde ein austrøn mann [nordmann] som heitte Ulvljot, fyst lover hit frå Noreg (...) og dei var då kalla Ulvljotslovene (...) Og dei fleste av dei vart fastsette etter det som då var Gulatingslovene, og Torleiv den spake [kloke], som til Horda-Kåre, hadde gjeve råd om hvar ein skulle leggje til eller ta vekk eller fastsetje på anna vis (...) Alltinget var sett etter råd av Ulvljot og alt landsfolket der det no er. [1]

Også i den islandske Egils saga står det at Gulatinget var i funksjon i 930-åra. Her er det ei skildring av tingstaden. I ca 930 var islendingen Ulvljot på Gula på Vestlandet for å lære seg lovene der , og tilpasse dei til islandske forhold. [2]Då var tinget ikkje nytt.

Men då det skulle tingast om sakane til folk, gjekk begge partar dit domstolen var sett for å føre fram saksgrunnane sine (...) Men der domstolen var sett, var det ein slett voll, og hasselstenger var sette ned i vollen i ein ring og snøre lagt omkring, det vart kalla veband [heilag-band]. Men innanfor i ringen sat dommarane, tolv frå Firdafylke og tolv frå Sygnafylke, tolv frå Hordafylke. Dei tre tylftene skulle der dømme i sakene til folk.[3]

Ifølge Knut Helle er det truleg at forfattaren av Egils Saga har nytta kunnskapane sine om Islandsk tingskipnad når hen har skrivi denne skildringa. Samstundes ser han det som truleg at forfatteren kjende Gulatingstaden i si eiga samtid.

Moglege tingstader

Arkeologi, namnegransking og skriftlege kjelder fortel ikkje nok til at ein kan vere sikker på nøyaktig kor tinget møtte i tida før 1300. Knut Helle skriv i boka Gulatinget og Gulatingslova at Gulatinget vart «halde på minst tre ulike stader i mellomalderen: Fyrst «I Gulen», så «i Guløy» og til slutt i Bergen». Han meiner at kjeldene gjer grunnlag for å anta minst to ulike tingstader før tinget vart flytta til kongsgarden i Bergen.

I drøftinga går Helle gjennom historikken til argumentasjonen for dei ulike tingstadskandidatane. Konklusjonen hans er at Eivindvik er ein god kandidat for den fyrste tida, mens området rundt Flolid er ein god kandidat for ein seinare tingstad, før Gulatinget flytta til Bergen kring 1300.[4]

Sverdet Kvernbit. Foto Siri Rutledal Iversen, 2022.

I Gulen

Dingenes, Eivindvik og Stemnebø,

Eivindvik og Stemnebø

Ein kandidat til opphavleg tingstad er Eivindvik, der to steinkrossar ofte vert tolka som ei markering av tingstaden. Som nemnd over kan det eine ha vorte flytta hit, og det er elles ingen dokumentasjon for at dei har noko med ein tingstad å gjere. Kommunen tok namnet Gulen i 1890- åra, før heitte han Eivindvik.

Ein annan kandidat er Stemnebø, som truleg opphavleg heitte Bø og som vel fekk fyrsteleddet stemne- nett fordi folk sette stemne der. Det er slik at det var ting mange stader, mellom anna på Børholm i Gulen. Dersom det var ting på Stevnebø, eller Eivindvik m.m ville det ikkje heitt Gulating. Gulatinget hadde sitt opphav på Guløy, det er berre der Guløy namnet er brukt, med ymse skrivemåtar gjennom tidene, Gule, Guli. Gulafjorden strekkjer seg frå Hammarsneset, ved garden Nese til Gulesteinen ved Guløy, altså ut til Flolid. Dei reknar jamt ei stutt mil frå Nordgul-,Austgulbukta og Eidsbryggja til Gulesteinen på Guløy og ei lang mil til Eivindvik. "Fjorden austanfor Guløy er det man kaller Gulafjorden og etter den er dampskipstoppestaden Gulafjord oppkalt" Når båtar og fartøy kjem nord gjennom Eidsfjorden og fer nordom Klokkeidsundet seier me at dei fer utgjennom Osen. Dei strok som me til dagleg kallar Osen, med Guløy og Flolidlandet på austre sida og Timmerøyna på venstre sida, strekk seg frå Ildneset til Klokkeid-øya. Vestom Timmerøyna kjem Nævdalsosen med gardane Næverdal, Hausevik og Fonden omkring. Det har aldri vore tale om Gulafjord utanom Guløy og Flolid.

I Guløy

«Langt attende i di tiene æsene rådde, va da frelaust mydlo sygner og hordar. Dei fore mæ stulder og plunder, brenning og dreping mest kvar dagjen. Da va ei øksarti». Slik begynner sagnet om korleis Guløy fekk namnet sitt.

I Gulafjordane fann dei eit allereie utvikla samfunn, der folket som budde der, i trange dalar og uframkommeleg terreng, hadde organisert seg, så dei var sjølvhjelpne med det meste. Det måtte vere sikkert for åttak utanfrå. Guløy var lett å vakte frå landsida og oversiktleg frå sjøsida. Det er bygd vardar på på fjellet over Svaberg, på Midtunfjellet, Stevnebøfjellet og Næverdalsfjellet, 4 vardar med Guløy i midten. På andre sida av fjorden ligg Glosvik, kjem av gløse, glo, sjå, der held dei vakt, der hadde dei god utsyn til tingstaden.

Kring desse fjordane ligg det gamle bygdesamfunnet Gulatingslova talar om når det heiter: "Det er no dinest at me har det lovfeste møtet vårt kvart år her i Gula"

'Her fortset sagnet:

'Da va ei øksarti. Dei goe æsene tykte da vart verre og verre. Dei kom i hug gamalt skyldskap mudlo seg og sygnene. Hordane vo dei mest steinhare. Då sakjæ va dryft på gudeting, sende dei tingvaktaren sin te å skips semje. ÅSVORD heitte han. sume hev sagt at da va ein hund, men mange hev meint da va eit menneskje. Visst æ da at han kunne både tala og syngja og rita runor. Våpenlaus kom han og våpenlaus gjekk han. Men då han kom, hadde han med seg ein ask med gudl. Da tømde han ut i Sygnarsæen, hjå Fljålilande. Dar reknar dei gamle at merkje va mydlo hordar og sygner.Vilde dei leita uppatt dette gudle, let han, so skulde kvar buande mann verta rikare på gudl enn dei no vo adle samne. Men helst skulde dei taka frenarfolkjæ sine med og skipa ein tingsta ette æsene sitt mynster. Våpenbur måtte ikkje tolast dar, fy retten skulde råda.hegn skulde møta både klo og klauv. Sanningjø skulde hava fritt gjengje som fuglen fljugande. Gudle fann dei og Gudløynæ kalla dei sidan den staden der gudle låg. Dette er opphavet til Gulatingje." Frå Lars Eskeland si bok "På Klårfjell" 1938.

Ein tingstad for Gulatinget var på garden FlolidGuløy i Gulen kommune, men om dette var den opphevlege staden veit si ikkje sikkert. Ein svakheit for teorien om Guløy som opphavleg tingstad er at det i nokre versjonar. I originalversjonen av Håkon Håkonssons saga står at "hann lét gera kirkju i Guley nodr frå Bjørgyn ok færdi tangat Gulathing" . Han bygde kyrkje nord for Bergen der dei reiste/hadde reist på Gulating. Dette kan tyde at kyrkja vart bygd etter at tinget var flytta. I Knut Helle si bok "under kirke og kongemakt" skriv han at dei sat i Bergen og reviderte Gulatingslova og den feller lova for Eidsivating og Borgarting. Dette arbeidet var ferdig i 1268. [5] Når i hans regjeringstid frå 1217 til 1263 dette hende er ikkje sikkert. Då Landslova skulle leggast fram for tinga i 1274 heitte det at ting skulle møte «i Guløy på rett tingstad».[6] Knut Helle konkluderar i boka Gulatinget og Gulatingslova med at Gulatinget vart «halde på minst tre ulike stader i mellomalderen: Fyrst «I Gulen», så «i Guløy» og til slutt i Bergen».[7]Gulen er eit namn kommunen tok i 1890- åra. Guløy heiter ei lita halvøy som tilhøyrer Flolid gard.

Namn på Flolid/Guløy som kan vere knytta til Gulatinget

Dette er domsteinen på toppen av Guløy. Historiske overleveringar seier at her vart dommen avsagt på Gulatinget i oldtida. Undersida viser at steinen er lagt opp.
Foto: Liv Karin Flolid Lien
  • Domsteinen: ligg på toppen av Guløy. Namnet seier kva han vart brukt til. Når du står ved steinen, vendt mot landsida, ser du berget slik det var før det grodde til for mykje, eit fint amfi.
  • Tingvollane: det var vel tingvollane.
  • På austsida : Ligg Knarrholmen, der vølte dei båtane. Tidlegare kunne dei sjå ei steinsett grop der, med restar etter kol. Knarr er ein båttype som var brukt i vikingtida.
  • På vestvågen ligg Veholmen: der vigsla dei tinget med blot i hedensk tid.
  • Krosshaugen: det er vel rimeleg å tru at her stod krossen, den første dei hadde på tinget. Den vesle krossen som vart flytta til kyrkja på Flolidstranda, og seinare fekk avslege eine armen, då han vart flytta til Eivindvik.Denne små krossen som opphaveleg var på Gulatinget, stod innafor kyrkjemuren, til ca 1930-40. Seinare vart han slått sund og lagt i ei grøft. Dei to krossane som står i Eivindvik no, vart flytta dit dei står, i prost Dahl si tid. Dei har altså vore flytta, kanskje fleire gonger. Niel Griis Astrup Dahl var prest i Eivindvik prestegjeld på 1800- talet.

Timmerøyna: Ligg vest for Flolid. Sagnet seier at dette var holmgangsplassen. Hans B. Flolid brevveksla med skulestyrar B.E. Bendiksen Han fortalde denne historia i 1911, i brev til Bendiksen: "Det står i Egil Skalagrims saga, kap 57. Han stemte sin rettsak, arvesak, til Gulatinget, og der tilbød sin motstander, at gå holmgang, som også ble gjort på en holme, der ikke lå langt fra tingstedet. Dette stemmer treffende, og er sikkert den lille ø eller holme der ligger like nord for Guløen, som nu kalles Timmerøen. Midt oppe på holmen er en ganske flad vold, som nu er oppdyrket hvor der også var en meget rund cirkel av sten. Øens dengang eier fortalde mig efter sagnet, det var her Egil Skalagrim gikk duel, og fældte sin motstander, Kortatle. Videre viste han mig, ikke langt derifra det sted hvor sagnet siger han skulde være gravlagt. Det viser ennu ligsom en gravhøi eller avlang tue, på det formentlige sted". Referanse: O.A. Øverland "Norgeshistorie",utgive 1885. Der er holmgangen nøye skildra.


Gulafjorden

Gulafjorden rekk frå Hammarsneset (Leversund) og garden Nese til Gulesteinen, altså til Flolid. Dei reknar ei stutt mil frå Nordgul-, Austgulbukta og frå Eidsbryggja til Gulesteinen på Guløy, og ei lang mil til Eivindvik. Fjorden austom Guløy er det ein kallar Gulafjorden og etter den var dampstoppestaden Gulafjord oppkalla. Når båtar kjem nord gjennom Eidsfjorden og fer nordom Klokkeidsundet, seier ein at dei fer ut gjennom Osen. Dei strok som til dagleg vert kalla Osen, med Guløy og Flolidlandet på austre sida og Timmerøyna på vestre sida, strekk seg frå Ildneset til Klokkeid-øyna. Vestanfor Timmerøyna kjem Neverdalsosen med gardane Neverdal, Hausevik og Fonda omkring. Gamle folk i grannebygdene Brekke og Masfjorden sa når dei hadde ærend til nokon i bygda,viss dei budde i Nordgulen, Eidsfjorden eller Austgulfjorden, at dei skulle til Gula.Skulle dei til presten, eller doktoren, derimot, skulle dei til Eivindvik.Der var dei å finne. Dette er Gulafjorden frå gamalt av.

Men bondesamfundet inne i Gula er mykje eldre enn både tinglag og prestegjeld. Det hadde teke form og gav plass for Gulatinget fleire hundre år før senteret Eivindvik tok til å spira fram. Om kring i Gulafjordane treff ein på gard- og grendenamn som tyder på ein uvanleg gamal busetnad. Livberginsvoni for folket som budde der har alltid vore jordbruket, under avstengde og ytterst vanskelege livsforhold. Den einskilde kunde ikkje makte alle vanskane i kampen for tilværet ved eigi hjelp; gulingane laut frå den aller første tidi lære seg kunsten å søkje hjelp i eit regelbunde samarbeid millom grannar og grender.

"Framvoksteren frå dette vart so, då Gulatingsmennene stemde inn råka dei på eit gamalt lovsamfund som hadde skapa eit miljø særs høveleg for den staden ting skulde setjast. Det er mi faste tru at dette er eit monent som ved sida av det geografiske lægjet har vege då tinget vart i Gula. Les ein dei sitera linene frå Gulatingslova med velvijug ettertanke, lyder det av noko som liknar lovsong over Gula - inkarnasjonen av bondesamfundet på Vestlandet. På meg verkar det som symbol for tanken når det slo varmt hjå vestlandsbøndene då den kunnskapsrike professor Knut Robberstad i eit foredrag i Bergen hevda at Gulatinget var ei Vestlande bondestemne."

Kyrkja på Flolidstranda

Namnet Kyrkjehaugen er framleis i bruk.Her har det stått ei kyrkje. Det er rimeleg å tru at dette er kyrkja som Håkon Håkonson bygde på 1200-talet. "Hann let gera kirkju i Guley nodr frå Bjørgyn og færdi tangat Gulathing" (Håkonar saga 2 side 266). Det skulle tyde: Han bygde kyrkje i Guløy, der dei reiste/hadde reist til Gulating. Nokre meiner at dette tyder på at tinget vart flytta til Bergen allereie på Håkon Håkonssons tid. Håkon Håkonson rusta opp på Holmen.( no Bergenhus festning) Han bygde ein ring av stein rundt, som vern mot brann og fiendar. Bergen vart hovudstad og Holmen og kristkyrkja det politiske sentrum. Kristkyrkja vart brukt til forhandlingar og kyrkjegarden til tingstad ved kongehyllingar og riksmøte. (wikipwedia) Han flytte nok tinget dit. Hadde dei framleis reist på Gulating hadde teksten vore ein annan. Håkon Håkonson bygde fleire kyrkjer, ikkje berre der det hadde vore Gulating. Merknad: det står ikkje noko i soga om at han flytte tinget.

Kyrkjer i Gula

Kyrkja på Flolidstranda skal ha vorte flytta til Eivindvik, men ikkje så tidleg som 1329. Bjørgyngjar kalvskinn nemner, riktig nok, Øyuindarviih kyrkje på Hovlandi, men her som elles nyttar Bjørgyngjar kalvskin alltid soknenamnet som det primære. Nokon stad eller omkvede i Eivindvik med namn som endar på land eller landi, har det aldri vore. der det en nemnd ei kyrkje frå 1329.[8]

Eivindvik var ikkje prestegard i 1360. Garden er oppført som skattebetalande gard. Med Bjørgyngjar kalvskin side 56 som kjelde nemner E. Bjordø denne skattelista. Den utflytte gulingen E. Bjordø seier i boka Eivindvik kirke og Gulens historie fra de eldste tider (1939): «Det er ikke noget sagn eller historisk beretning som gir oss forvisning om at Olav den hellige bygget kirken i Eivindvik. De lærde har havt tilbøielighet til at kullkaste hele folketradisjonen, der alle uten untagelse har henlagt Gulating og kirken til Guløy. For over hundre år siden fant man rester av grundmuren efter denne kirke. Både sorenskriver Blom og C. Kraft mener at dette er kirken på Flolidstranden som Håkonsons saga omtaler. Prost Dahl og oberstløytnant Holch seier at der er fundet spor efter tomten, og at den opprinnelige kirke er flyttet fra Flolid til Eivindvik.»

Flytting til Bergen

Kring 1300 vart Gulating flytta til Kongsgarden i Bergen. Den fyrste nemninga av Bergen som tingstad, er at Håkon V Magnusson var i Bergen til jonsok i 1310. Det neste tiåret er det tydeleg at det var i Bergen at tinget kom saman.

Flyttinga var del av omorganiseringa av lagtingsordninga som gjekk føre seg under Håkon 5, der det var skipa fem nye regionale lagting, mellom anna ved at Gulating vart kløyvd i to. [9]

Håkon Håkonson,regjeringstid 1217-1263, bygde ut på Holmen, Bergenhus festning i dag.Bergen vart hovudstad i landet og Holmen og Kristkyrkja det politiske sentrum. Kristkyrkja vart brukt til møter og kyrkjegarden til tingstad og kongehyllingar.(wikipedia). I "under kirke og kongemakt" skriv Knut helle at dei sat i Bergen og reviderte Gulatingslova, og den felles lova for Eidsivating og Borgarting. Dette arbeidet var ferdig i 1268. Sentrum for lovarbeidet var kongsgarden i Bergen. I Håkon Håkonson saga står: "Hann let gera kirkju i Guley nodr frå Bjørgyn ok færdi tangat Gulathing." Han bygde kyrkje nord for Bergen der dei reist/ hadde reist på Gulating. Denne bygde han truleg etter at tinget vart flytta. Dette er originalversjonen av soga om Håkon Håkonson, skrive av Sturlu Thordarson på oppdrag frå Magnus Håkonson, kjent som Magnus Lagabøte, få år etter Håkons død. Ut frå historia og utviklinga på den tida, er det rimeleg å tru at Gulatinget vart flytta til Bergen i Håkon Håkonson si regjeringstid.

Gulating i lokal tradisjon

Stora-Marjo (1797–1868) var frå Lavik i Eksingedalen, Vaksdal kommune. Ho kunne mange viser og segner og var flink å fortelje. I ein bånsull etter henne nemnast Fjolid som tingstad, noko som vitnar om ein levande tradisjon i lokalmiljøet om Fjolid som tingstad.

Visa stod på trykk i boka På Klårfjell som Lars Eskeland gav ut i 1938. Gjengjeve under er dei fyrste ni strofane, av totalt 17.[10]

Me gyra øykjom med salen blå, med salen blå og løysa ferdi i otta grå.
Syng bjødnafell, syng fonn, syng fjell!

Til Gulatingje me vilja fram, me vilja fram, med nistebumba og bjødnaham.
Syng himlar blå, syng stjernor små!

Me fara dalar, me fara fjell, me fara fenner og blanke svedl.
Syng måne bli, syng ljos i li!

Fyrr solarfell lyt me vinna fram, me vinna fram, om Langeleite til Hestakvam.
Syng notti sval, syng Storedal!

Me kvila notti med hugen heil, med hugen heil, men neste gongen ve Krossangjeil.
Syng bjødnaham, syng færi fram!

Ved solfallsbilom på tredjandag, på tredjandag, ved Fljålistrendom dei sit i lag.
Syng ljosan kveld, syng fjor, syng fjell.

Når bu er fjelga og klæe bytt, og klæe bytt, dei mydlo kjenningar fertta nytt.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!

På gamle heilage Gulating, på Gulating, dar sit han gofar i rett og ring.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!

Og når han Bjarne vert sterk og stor, vert sterk og stor, då fær han fylgja med far og mor.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!

Referansar

  1. (Íslendingabók Sitat i Knut Helle, Gulatinget og gulatingslova, Leikanger: Skald 2001. Digital versjonNettbiblioteket
  2. Noregshistorie i årstal
  3. Egils saga. Sitat i Knut Helle, Gulatinget og gulatingslova, Leikanger: Skald 2001. Digital versjonNettbiblioteket
  4. Knut Helle, Gulatinget og gulatingslova, Leikanger: Skald 2001. Side 52. Digital versjonNettbiblioteket
  5. Sitert frå Helle 2001: 51.
  6. Sitert frå Helle 2001: 51.
  7. Helle 2001: 52.
  8. ,men ikkje før reformasjonen som var i 1536.DN I, nr. 206.
  9. Knut Helle, Gulatinget og gulatingslova, Leikanger: Skald 2001. Side 51. Digital versjonNettbiblioteket
  10. Lars Eskeland, På Klårfjell : og annan gamal ervesong ifrå ei fjellbygd på Vestlandet. Lunde, Bergen 1938. Digital versjonNettbiblioteket

Litteratur og kjelder


Koordinater: 60.96911° N 5.12016° Ø