Eivindvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå sentrum i Eivindvik.
Foto: Nina Aldin Thune (2013).

Eivindvik er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gulen kommune. Staden har rett i underkant av 300 innbyggjarar (2016), og ligg på nordsida av Gulafjorden ved fylkesveg 7.

Staden har vore kjend som Eivindvik i det minste frå 1329, då prestegarden er nemnd under dette namnet. Ifølgje Iver Kleiva uttalast det av eldre folk ofte som «øi'nnjevik». Eivindvik prestegard strakk seg opphavleg frå Dingja til Flolid.

Gulen kyrkje står i Eivindvik. Ut frå ei tolking av sagaene kan det eldste Gulatinget òg ha vore der. Nær kyrkja finn ein to steinkors frå slutten av vikingtida eller byrjinga av mellomalderen.

Litteratur og kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!