Urenstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°31′12″ N 7°58′56″ Ø


Urenstølane ligg aust for Åkerstøltjørni på Ustaoset, Hol kommune. Ein del av Uren følgde med da Sander Sjugurdson Kaupang i 1749 overlet Heggeset i Kvisla, til dotter si, Ragnhild, og mannen Sjugurd Sjugurdson. Garden og stølen vart i 1756 selt vidare til Svein Eirikson Heggeset, som var gift med Margit, syster til Ragnhild.

I 1809 eigde Sjugurd Olson Foss, Lio, og Elling Larson Tufto, Kvisla, nedre Uren saman. Da stemnde Sjugurd Elling for forlikskommisjonen på grunn av overbeite. Dei to vart forlikte om at dei innan hausten 1811 skulle gjerde inn kvar sin slått.

Tufto sin del av Uren vart delt mellom Tufto og søre Juvsjorde, Kvisla, da Tolleiv Knutson Verpe selde dei to gardane til sonene Elling og Olav i 1909 og 1914. Tolleiv hadde da nyleg rydda den delen som følgde søre Juvsjorde, og den vart kalla Botn. Kring 1975 hadde stølen ikkje vore i bruk på fleire år, og det låg ikkje lenger hus der. Tufto sin del av stølen var i bruk til 1972, dei siste åra berre i 5 veker.

Foss sin del av Uren følgde myljo Foss da søre Foss vart delt i 1823. Ola Olson myljo Foss sette i 1937-1940 opp ei ny stølsbu og nytt fjøs på nedre Uren. Kona Marie slutta truleg med stølsdrift omkring ti år seinare.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Kjelder