Guri Johannessen (1911–1972)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Guri Johannessen.
Foto: Ukjent, Stortingsarkivet/Scanpix

Guri Johannessen f. Fossgard (fødd 2. november 1911 i Hol, død same stad 11. november 1972) var organisasjonskvinne, lokalpolitikar og i fjorten år stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Buskerud.

Familie

Foreldra var Liv Larsdotter f. Hammersbøen (1877–1931) frå Kvisla og Knut Olson Fossgard (1871–1939) frå Ustedalen. Dei dreiv søre Fossgard, men selte ein del av tomta, som vart teke i bruk til Ustedalen hotell. Faren var utdanna lærar frå Asker seminar og virka i heimkommunen. Han var med i kommunestyret og aktiv i organisasjonslivet. Ekteparet fekk åtte barn: tre jenter og fem gutar fødd mellom 1901 og 1911. Guri var yngst.

Guri gifte seg i 1931 med Peder Johannesen (1908–1963), som var fødd på Gol, men som vaks opp i Sande i Vestfold. Paret busette seg på Geilo og fekk tre born. Ingegjerd (f. 1936) utdanna seg til sjukepleiar, Tore (1945–2004) til journalist og Liv (f. 1948) til bibliotekar.

Mannen var utdanna bygningssnikkar og arbeidde nokre år ved verktøyfabrikkane Brusletto og Brødrene Øyo, før han i 1942 grunnla Geilo Jernvarefabrikk saman med Hermann Solhaug. Her vart han disponent. Som kona var han politisk engasjert, mellom anna i kommunestyret og som sekretær i Hol Arbeiderparti.

Virke

Som 18-åring var Guri bladstyrar for Timbrehaugguten, bladet til Samhald Ungdomslag.

Før ho for alvor gjekk inn i politikken, arbeidde ho i serveringsbransjen. I 1930 overtok ho Kaffistova, som låg rett ved Geilo stasjon. I 1933 fekk ho løyve til å servere landsøl her. Ho var innehavar av Kaffistova til iallfall 1936.  

Frå 1935 var ho husmor. Fyrste barnet vart fødd året etter og yngstejenta i 1948. Same år fekk ho sitt fyrste offentlege verv i heimkommunen, då ho vart med i Skolekjøkkennemnda. Skule- og sosialpolitikk var blant hjartesakene hennar. Ho sat mellom anna i Edruskapsnemnda, Trygdenemnda og byggenemndene for sentralskule og for aldersheim. Ho var også med i styra for Lien jordbruks- og husmorskole og Hallingdal folkehøgskule.

Johannessen var ein ettertrakta foredragshaldar. Ho skal heile tida ha helde på dialekta.

Politisk og offentleg virke

Det var i Lien og Ustedalen at arbeidarkvinnene i Hol fyrst organiserte seg. I Ustedalen vart dette oppmuntra av sentrale AP-folk som ferierte på Geilo, mellom anna Rachel og Kyrre Grepp. Geilo arbeiderkvinneforening vart stifta kring 1931 og delt i 1935, slik at Lien arbeiderkvinnegruppe kom til. For den siste var Johannessen formann frå 1952. Seinare leia ho Hol Arbeiderpartis kvinneutvalg, Hol arbeiderparti og Buskerud Arbeiderpartis kvinneutvalg. Ho var også medlem av Arbeiderpartiets landsstyre og styret for Buskerud Arbeiderparti.

Johannessen kom med i kommunestyret i 1951 og sat til 1959. I 1958 vart ho, som fyrste kvinne frå Hallingdal, valt inn på Stortinget, der ho sat til ho døydde i 1972. I desse fjorten åra var ho medlem av Kirke- og undervisningskomiteen, Sosialkomiteen, Valgkomiteen og Landbrukskomiteen. I nesten ti år var ho dessutan varamedlem i Stortingets delegasjon til Nordisk råd.

Kjelder og litteratur