Hol historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den freda Gudbrandsgard.
Foto: Halvor Vreim

Hol historielag er eit historielag i Hol kommune i Hallingdal. Laget vart stifta i 1987 og utgir årboka Under Hallingskarvet som kom fyrste gong i 2005.

I 2019 hadde laget 410 medlemmer, inkludert familiemedlemmer. Medlemstalet har auka sterkt dei siste ti åra og ligg no stabilt over 400.

Føremål og aktivitetar

Laget har til føremål:

  • a) å fremja kjennskapen til Hols historie ved å arbeida for auka kjennskap om gamal kultur, tradisjonar, arbeidsliv og levesett i kommunen
  • b) å arbeida for å ta vare på fornminne og kulturminne
  • c) å samla opplysningar og stoff om lokalhistorie, også i samarbeid med museum og bygdearkivet i Hol.»

Historielaget i Hol driv mellom anna med registrering av kulturminner og istandsetting av desse. Laget har til dømes arbeidd med å få rydda og merka den gamle Kyrkjevegen mellom Vats og Hol. Gamle husmannsplassar har òg vorte rydda. Historielaget har dessutan vore ein pådrivar for å verne gamle gravminne.

Laget skipar til møter med lokalhistoriske tema, vandringar i alle bygdelag, turar til kulturminne i kommunen og turar til andre delar av landet.

Ei av dei fyrste oppgåvene laget tok fatt på, var arbeidet med å få reist eit minnesmerke etter Kristian Øvrevollseie. Historielaget blei òg med på innsamlingane av stadnamn og SEFRAK-registreringane. Samarbeid om det nye lokalhistoriske arkivet var alt frå starten ei viktig oppgåve. I samband med dette byrja laget å samle inn gamle foto.

Det har også vore arbeidd med å få eldre i bygdene til å skrive ned livssoga si.

Publikasjonar

Formidling av lokalhistorie har vore ein hovudaktivitet, og laget har gitt ut desse bøkene/heftene:

Leiarar

  • Per Bremnes 1987-88
  • Harald Dalen 1988-89
  • Per Bremnes 1989-1991
  • Harald Dalen 1991-94
  • Lars Nygard 1994-95
  • Sigmund Lauvrud 1995-96
  • Maria Søndrål Wick 1996-98
  • Reiar Aasberg 1998-2003
  • Knut Medhus 2003 til dags dato

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar fra historielaget (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking 2019).

Eksterne lenker