Anna Bakk Holestøl (1901–1994)
Anna Bakk Holestøl (fødd 15. juli 1901 i Oppdal, død 3. mai 1994 i Hol) var distriktsjordmor i Hol i 34 år frå 1930 til 1964. Ho var også aktiv i styre og stell i kommunen.
Anna Bakk gjekk på den kristelege folkehøgskulen Fredly i Børsa 1918-19. Ho gjekk seinare på Statens kvinnelige industriskole og tok i 1929 eksamen ved Bergen jordmorskole.
Virke som jordmor
I januar 1930 var ho ein av 43 søkjarar til jordmorstillinga i Søndre Stjørdal. Då var ho busett i Overhalla. I mai same år søkte ho jobb i Hol, som nett var delt i austre og vestre jordmordistrikt. Bakk fekk jordmorstillinga i austre, medan Ragnhild Foss, som til då hadde vore privatpraktiserande jordmor på Geilo, vart tilsett i vestre.
Det vart diskusjon i heradstyret om bustaden til jordmora. Nokre meinte jordmora sjølv måtte få ha eit ord med i laget, men det vart vedteke at ho skulle bu i Hovet, der det var kortast veg til alle delar av distriktet.
Familie
Spørsmålet om bustad kom opp att etter at Bakk i 1932 gifta seg med målarmeister og rosemålar Knut Mikkelson Holestøl (1896-1978) frå Holestølen i Hovet. Året etter kjøpte han klokkargarden Solvang i Holet. Jordmora fekk då løyve til å busette seg der. "Ein går då ut frå at ho legg inn telefon."[1]
Ekteparet fekk borna Kjell (f. 1934) og Aud Marit (f. 1937). I 1934 fekk Anna innvilga tenestefri i fire månader frå oktober til februar, truleg i samband med fødselen til Kjell. I denne perioden tok Ragnhild Foss båe jordmordistrikta i kommunen. I 1963, året før ho slutta som jordmor, vart Bakk Holestøl tildelt kongens fortjenstmedalje i gull.
Verv i kommunen
Anna Bakk Holestøl hadde fleire verv i kommunen. Ho var med i vergerådet, edruelighetsnemnda, sosialstyret, kontrollnemnda, trygdenemnda og ein komité som skulle vurdere stipendutdeling til skulesøkjande ungdom. Det syner også engasjement at ho deltok i kronerulling for saker som Hol helselag og gjenreisinga av eit krigsramma Finnmark.
Fotnoter
- ↑ Buskerud Dagblad 1933, s. 3
Kjelder og litteratur
- Anna Bakk Holestøl i Historisk befolkningsregister
- Buskerud Dagblad 1930.05.21. Kongsberg. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 4
- Buskerud Dagblad 1933.09.27. Kongsberg. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 3
- Buskerud Dagblad 1936.11.30. Kongsberg. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 4
- Buskeruds Blad 1948.10.08. Drammen. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 2
- Fredly folkehøgskole 1899-1974. Utg. Kaare Grytting. 1974. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 116
- Fremtiden 1934.09.04. Drammen. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 6
- Fremtiden 1964.03.14. Drammen. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 5
- Hallingdølen 1946.03.28. Ål. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 1
- Hallingdølen 1948.01.29. Ål. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 4
- Hallingdølen 1948.02.26. Ål. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 4
- Hvem er hvem?. Utg. Kunnskapsforl. 1994. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 501.
- Nidaros 1930.01.25. Trondheim. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 11
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket. B2, s. 467
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket. B4, s. 486
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket. B5, s. 139
- Skogheim, Arne: Hovet og Hol Røde kors. Utg. Hovet og Hol røde kors. 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 139
- Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 262