Ambjørg Tufto (1889–1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ambjørg Tufto og broren Olav på gardstunet, truleg i Søre Juvsjorde. Ukjent kvinne i bakgrunnen.
Foto: Ukjent, Hol bygdearkiv. (1918).

Ambjørg Tufto (fødd i Hol 28. desember 1889, død same stad 31. januar 1967) arbeidde på garden til foreldra og seinare til broren Olav med husstell og som budeie. Ho var aktiv i organisasjonar knytt til fråhald, målsak, misjon, helse og sosialarbeid.

Familiebakgrunn

Ambjørg vart fødd på Tufto i Kvisla, som var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847-1937). Mora gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846-1931) frå Verpe i Ustedalen (ved Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Juvsjordet.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, fire jenter og fem gutar, med eit par års mellomrom. Ambjørg var yngst. Med unntak av Birgit (f. 1879), som utvandra til Amerika i 1904, vart syskena buande i heimbygda. Pål (1877-1893) døydde som 16-åring. Fire av syskena kjøpte eller gifte seg til gard: Elling (1873-1963) på Tufto, Knut (1875-1963) på Øvre Sand, Olav (1882-1956) i Søre Juvsjordet og Anne (1884-1980) på Vindegg. Asbjørn (1887-1973) var mellom anna heradskasserar.

Olav, Ragnhild (1871-1918) og Ambjørg var alle ugifte og budde og arbeidde på garden i Søre Juvsjordet. I folketellinga for 1910 er Ragnhild oppført som budeie, medan Ambjørg har husgjerning som virke. I 1920-tellinga er systera død og Ambjørg er oppført med både "husstel og budeie" som virke.

Dødsannonsa etter Olav er underskrive av Ambjørg “for familien”.[1] Hennar eigen dødsannonse er underskrive av syskena Asbjørn og Anne.[2]

Fråhaldssak

Ambjørg Tufto markerte seg særleg i fråhaldsrørsla, slik også fleire av søskena gjorde. I mange år var ho med i styret for Kvisla fråhaldslag, som leiar frå 1929 til 1931, da ho sa frå seg attval. Laget, som vart stifta i 1914, var organisert i D.N.T. Mellom arrangementa i tida ho var formann, er ein minnekveld for salmediktaren Elias Blix på forsamlingshuset Fredheim i 1931. I tillegg til Ambjørg si velkomsttale var det taler av Elen Nyeggen-Jensen og Ivar Slettemoen, medan Gudrun Trageton las høgt frå bladet til fråhaldslaget, Lukkesmeden. Og sjølvsagt song dei salmar av Blix.[3]

I 1921 vart det skipa eit eige barnelag, Kvisla barneavhaldslag, med 43 medlemar. Tufto var fyrste formann i laget, som ho leia i fire år.

På D.N.T. Buskerud sitt 43. årsmøte i Mjøndalen vart Ambjørg vald inn i budsjettnemnda.[4] Da fylkesformannen i 1934 var på reise i Hallingdal, deltok han mellom anna på festen som Kvisla fråhaldslag heldt på ungdomshuset Fredheim. I reisebrevet sitt skriv han: "Jeg hadde en hyggelig samtale med lagets tidligere formann Ambjørg Tufto som er den samme interesserte dame som før og jeg bringer hermed en hilsen fra henne til avholdsvenner i Buskerud." Han noterte seg også at Ambjørg sin bror "Asbjørn Tufto hadde gått over til journalistikken og leverte et utmerket nummer av lagets håndskrevne blad."[5] Både Asbjørn og Olav hadde, som søstera, vore formenn i Kvisla fråhaldslag. Også broren Knut var med i styret. Asbjørn hadde dessutan vore formann i det samanslåtte Holet og Hovet fråhaldslag og kasserar i Buskerud D.N.T.

I 1935 oppretta Hol herredsstyre ei edruskapsnemnd, der Ambjørg var varamedlem.[6]

Helse- og sosialsak

Tufto engasjerte seg også i helse- og sosialspørsmål. Ho kom med i styret for Gamleheimen i 1927.[7] I 1930 var ho framleis styremedlem, og i 1941 vara.[8][9]

Da Hol helselag vart stifta (som Hol sjukepleierforening) 9. mars 1924, var ho med i det fyrste styret.[10] Laget var medlem av Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen. Også broren, Asbjørn, var med i styret som nestformann og kasserar. Båe tok attval i 1927.[11]

Ambjørg sat som styremedlem i Kvisla Vanførelag i 1947.[12] I 1956 var ho sekretær for laget, som da hadde 45 medlemar.[13] Ho sat framleis i styret i 1962.[14]

Målsak

I 1927 arrangerte Hol mållag kurs i landsmål, både munnleg og skriftleg, for elevar frå konfirmasjonsalderen til opp i 40-åra. Dette var ein periode da mållagsarbeidet møtte sterk motstand i Hol. I Kvisla hadde ungdomslaget i 1914 meldt seg ut av Hallingdal fylkeslag i protest mot deira standpunkt i målsaka. Men Ambjørg vart ein av forkjemparane for nynorsken. Ho var blant dei eldste deltakarane på kurset, og på avslutningsfesten las ho stilen ho hadde skrive høgt for forsamlinga.[15] I 1930 fekk ho på trykk eit dikt på nynorsk i Buskerud Dagblad. Det hadde tittelen "Attersyn med jubileumsåret" og tok mellom anna opp "ædrugskap" og visdom frå "livsens bok".[16]

Anna samfunnsengasjement

I 1947 var Tufto ei av tre kvinner på lista til Venstre i øystre Hol. Dei to andre var Helene Veslegard og Gurid Sundre.[17]

Avisene refererer elles til ulike høve der Ambjørg las sjølvskrivne dikt og prologar, som syner engasjement også på andre enn dei nemnde felta. Mellom anna skreiv ho prologar til 17. mai.[18][19] Ho engasjerte seg også i kristeleg arbeid. Ho bidrog både med prologar både på morsfesten til Kvisla sjømannsmisjon i 1946[20] og på eit stemne i same foreining i 1956.[21] Da sognepresten, Paul Skiaker, slutta i Hol, skreiv ho dikt til han, som ho las ved kirkekaffen.[22]

Også i husmorlaget ser ho ut til å ha vore aktiv. I 1952 var det mønstring av husmødre fra hele øvre Buskeruds krets av Norges Husmorforbund i regi av Hol og Kvisla husmorlag. Her deklamerte ho ifølgje Hallingdølen "ein svært god prolog".[23]

Fotnotar

  1. Drammens Tidende (Drammen: 1845-1960) 1956.02.21. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1967.02.03. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Kongsberg Dagblad 1931.02.25. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Fremtiden 1931.04.09. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Kongsberg Dagblad 1934.02.28. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Fremtiden 1935.12.11. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Fremtiden 1927.01.05. Digital versjonNettbiblioteket
  8. Buskeruds Blad 1930.01.03. Digital versjonNettbiblioteket
  9. Buskeruds Blad 1941.04.24. Digital versjonNettbiblioteket
  10. Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1974.03.15. Digital versjonNettbiblioteket
  11. Kongsberg Dagblad 1927.02.05. Digital versjonNettbiblioteket
  12. Hallingdølen 1947.04.10. Digital versjonNettbiblioteket
  13. Hallingdølen 1956.03.01. Digital versjonNettbiblioteket
  14. Hallingdølen 1962.04.12. Digital versjonNettbiblioteket
  15. Fremtiden 1927.02.03. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. Buskerud Dagblad 1930.12.27. Digital versjonNettbiblioteket.
  17. Hallingdølen 1947.10.02. Digital versjonNettbiblioteket.  
  18. Hallingdølen 1947.05.22. Digital versjonNettbiblioteket.
  19. Hallingdølen 1950.05.23. Digital versjonNettbiblioteket.
  20. Hallingdølen 1946.02.21. Digital versjonNettbiblioteket.
  21. Hallingdølen 1956.06.14. Digital versjonNettbiblioteket.
  22. Drammens Tidende og Buskeruds blad 1964.07.02. Digital versjonNettbiblioteket.
  23. Hallingdølen 1952.06.20. Digital versjonNettbiblioteket.  

Kjelder og litteratur