Eivind Torp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Eivind Torp (fødd 1844 i Løten, død 1890 i Kristiania) var skulemann, venstrepolitikar og stortingsmann. Torp døydde brått medan han var tingmann.

Foreldra var gardbrukar Ole Engebretsen Torp og Oleanna Olsdotter Stafseng. Han var gift med Helene Nilsen (fødd 1845 i Løten, død 1910 i Elverum).

Etter omgangsskulen kom Eivind Torp inn på Hamar seminar da det vart oppretta i 1867, og tok eksamen to år etter. Han grunnla ein privatskule i Elverum i 1873, sidan driven som ungdomsskule og lærarskule. Han var stortingsmann i bolken 1886–90.

Eivind Torp var ein framifrå pedagog med ei sjeldan evne til å inspirere og prege elevar og kollegaer, mellom anna svigersonen Olav Andreas Eftestøl, Olav Schulstad og Anders Kirkhusmo. Som kommunepolitikar hadde han mektige motstandarar, men fekk sterk støtte, mellom anna frå Helge Væringsaasen.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!