Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelbladet i Lom og Skjaak, 1915, fyrste band av Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen.

Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen er tittelen på eit lokalhistorisk samleverk som Ivar Kleiven (1854-1934) gav ut i tidsrommet 1915-1930. Det består av fem separate band bygdehistorie, og dekkjer fleirtalet av Gudbrandsdals-bygdene. Meininga var at kvar bygd (herad, prestegjeld) i dalen – det gamle Gudbrandsdal fogderi - skulle få si bok, men det rokk ikkje Kleiven heilt å gjennomføre før han gjekk bort. Verket blir rekna som eitt av høgdepunkta frå denne pionertida for den moderne bygdeboksjangeren. Med god grunn blir det ofte jamført med dei samtidige Jakob Aalands Nordfjord-soge og Lorens Bergs bygdebøker frå Vestfold. Ivar Kleivens arbeid skil seg likevel frå desse ved at gards- og slektshistorie er gjeve lite plass. Det er kulturhistoriske emne som dominerer.

Ivar Kleiven. Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.

Utgjevingane

Det fyrste bandet av Gamal bondekultur... i dekkjer Lom og Skjåk, dei to vestlegaste av dei tre herada i Ottadalen, der Ivar Kleiven si heimbygd Vågå er den tredje. (Også nåverande Sel kommune ligg delvis i Ottadalen, men var i Kleivens oppvekst (fram til 1907) ein del av Vågå herad.) Bandet kom ut i 1915. Deretter følgde gjennom dei neste 15 åra: Lesja og Dovre (1921), Østre og Vestre Gausdal (1928), Ringebu (1928) og Fronsbygdin (1930). Kleiven var eit godt stykke på veg med manuskript frå Øyer og Fåberg da han døydde.

Utanom Øyer og Fåberg var det da berre Vågå og Sel som ikkje hadde fått sin del i samleverket. Men dette vart eit stykke på veg kompensert ved at Kleiven tidlegare hadde gjeve ut fleire arbeid om historie og folkekultur i Vågå. Allereie i 1894 fekk han gjeve ut Segner fraa Vaagaa, skriven på dialekt med lydskrift. Stoffet frå denne boka vart innarbeidd i ei ny utgjeving 1907, I gamle Daagaa, der det vart tilføygd monaleg meir av folkeminne og andre typar kulturhistoriske artiklar. Til dette må føyast barndomsskildringa I Heimegrendi ifrå året etter. Her skildrar Kleiven dei omkalfatringane av bygdesamfunnet som han kunne observere og røyne på kroppen i oppveksten sin frå 1860-åra av. Boka fekk mykje å seie for seinare historikarar sitt bilete av «det store hamskiftet».

Opplegg, innhald og form

I føreordet til Lom og Skjaak blir det førespegla eit eige band med gards- og slektshistorie, i pakt med tankegangen til komiteen av 1906 og mønsteret som låg føre i Lorens Bergs og Jacob Aalands utgjevingar. Mønsteret er direkte avspegla i ein mal for bygdebokarbeid som Kleiven gjer greie for i 1907, og som kan oppsummerast slik:

  1. Fyrst ei skildring av bygda frå dei eldste tider til midten av 1800-talet. Det skulle opplyse om i prinsippet alle sider ved bondelivet og utviklinga i det store og heile. Det framgår av det neste punktet at det med formuleringa «alle Si’o taa Bonn’live og Framvokste» er meint kulturhistorie i snevrare forstand (folkeminne, sed og skikk osv.).
  2. Så ei topografisk utgreiing om bygda med utstrekning og grenser, landskap og natur, folketal og næringsvegar, embetsmannshistorie, skulehistorie, handverk og byggjeskikk. Dette skulle baserast på dokumentariske kjelder (arkivmateriale).
  3. Og til slutt eit «gard-tal», dvs. det som er blitt heitande gards- og ættesoge, «me ei stutt Utgrei’ing um kaar Gard fraa gomolt saa langt att-ende, som de finnst naagaa aa helde se ette, um Brukarann og Ækte [ætta] deres.»[1]

Han held fast ved dette i føreordet til bok nummer to av Gamal bondekultur. Men deretter fell den uttrykkelege lovnaden om gards- og slektshistorie bort. Det er openbert at Kleiven ikkje prioriterte dette. Han var heller fast bestemt på iallfall å gje ut alle kulturbanda fyrst.

Kleiven gjev fleire gonger uttrykk for tilslutning til det «materialistiske» grunnsynet at økonomien var eit grunnleggjande premiss for all historie. Men han verka ikkje heilt komfortabel med dette i praksis. I fleire av sine føreord nærast orsakar han seg overfor lesarane for at han har med såpass mykje om slike emne, nemleg «den økonomiske framvoksten med tal og utreikningo […] som mange ofte held for aa vera kjei’samd lesna’», som det heiter i Lesja og Dovre. Han føler seg likevel forplikta på dette, for «de er no di økonomiske vilkaare, som er grunnmur’n unde bondekulture i bygdom.»

Trass denne erkjenninga, konsentrerer Kleiven seg om å skrive «kulturhistorie» i etnologisk og folkloristisk meining. Det gjeld segn og soge, skikkar og truer, tradisjonar, kunst og handverk med meir. Alt dette blir sett som uttrykk for lokal særhått - bygdefolkets lynne, evner og karakter, stadeigne variantar av den nasjonale folkeånd. Språket, målføret blir i nasjonalromantikken sett som det mest genuine uttrykket for eit folks eigenart. Slike førestillingar tykkjest liggje bak Ivar Kleivens beslutning om å skrive bygdebøkene på dialekten i den bygda han skreiv om. I føreordet til Gausdalsboka grunngjev han bruken av dialekt slik: «Dæ er berre bygdamaala sjølve som i desse høve kan gje att dæ sermerkte ve live, baade dæ timelege og aandelege hos eit bygdafolk.»

Referansar

  1. Frå føreordet til I gamle Daagaa.

Kjelder og litteratur

  • Johnsen, Oscar Albert: «Den nyere lokalhistoriske forskning» i Norsk historisk Videnskab i femti år 1869-1919, utgitt av Den norske historiske forening til dens femti-års-dag 21. desember 1919. Kristiania 1920.
  • Reinton, Lars: «Den lokalhistoriske rørsla og den moderne bygdehistorie 1900-1920», i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, Universitetsforlaget 1970: s. 33-53.Digital utgaveNettbiblioteket