Det store hamskiftet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Det store hamskiftet er ei samlenemning for dei sosiale, økonomiske og kulturelle omveltingane i norske bygdesamfunn som skjedde då den norske landbruksdrifta i større grad tilpassa seg marknadsøkonomi og pengehushald. Omgrepet var først bruka av diktaren Inge Krokann i artikkelen «Det store hamskiftet i bondesamfunnet» i Norsk kulturhistorie (1942). Krokann daterer tida for hamkiftet til den siste halvdelen av 1800-talet.

Den nye hamen

Sentralt i hamskiftet var overgang frå sjølvbergingshushald til pengehushald. Frå mellomalderen og til langt ut på 1800-talet var bondeøkonomien ein hushaldsøkonomi, der varebytte eller kjøp og sal berre spelte ein marginal rolle. Etter 1850 la bøndene stadig meir vekt på matvareproduksjon for sal, slik at dei opparbeidde eit økonomisk overskot som kunne gje kapital til nye investeringar.

Som følgje av overgangen til marknadsøkonomi voks det fram nye spesialiserte yrkesgrupper, og det oppstod ein arbeidarklasse. Etter kvart vart òg husmenn og landarbeidarar ein del av denne klassa, medan dei i det gamle standssamfunnet vart rekna til bondestanden. I standssamfunnet gjekk solidaritetsbanda innan gardsfellesskapet. Under hamskiftet forsvann paternalismen mellom arbeidskjøpar og arbeidar.

Kulturelt medførte hamskiftet ein overgang frå tradisjonelt bunden bygdekultur til ein meir europeisk orientert bykultur. Samstundes voks det fram nye motkulturar, med ei pietistisk lekmannsrørsle, fråhaldsrørsle og etter kvart ei målrørsle. Under hamskiftet fekk bygdefolk òg meir og betre utdanning, først gjennom folkehøgskulen.

Årsaker til hamskifet

I åra før hamskiftet var samfunnsøkonomien gjort meir liberal, med frihandel som internasjonalt ideal. Kommunikasjonane vart bygde ut, framfor alt kom det betre vegar, og etter kvart jarnbane og båtruter.

Utløysande for hamskifet var gode prisar på korn under krimkrigen, kombinert med gode avlingar i desse åra. Samstundes var det utvikla nye landbruksreiskapar som gjorde auka produksjon mogleg, og det vart etablert bankar og låneinstitusjonar som kunne finansiere utbygging i landbruket.

Den viktigaste tekniske nyvinninga var slåmaskina, fordi husdyrbruket vart viktigare enn åkerbruket, og fordi den sparte mest arbeidsfolk i travlaste onna. Slåmaskina dreiv dessutan fram ein ny jordkultur, ho kravde lettdriven jord, god beresterk grunn og god arrondering. Slik vart det òg slutt på utslåttene.

Datering av hamskiftet

Hamskiftet varte i følgje Inge Krokann frå 1850 til rundt første verdskrigen, andre historikarar meiner hamskiftet byrja tidlegare, andre meiner det byrja seinare. Hamskiftet byrja heller ikkje til same tid over heile landet; endringsprosessane tok først til på det sentrale austlandet og elles i bynære landbruksstrok, og dei skjedde sist i Nord-Noreg.

Kjelder

  • Tore Pryser i Inge Krokann: Det store hamskifet i bondesamfunnet, Det Norske Samlaget 1975 ISBN 82-521-2081-4
  • Inge Krokann: Det store hamskifet i bondesamfunnet, Det Norske Samlaget 1975 ISBN 82-521-2081-4