Inge Krokann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Inge Krokann.
Foto: Ukjent/Nasjonalbiblioteket

Inge Krokann (født 19. august 1893 i Oppdal, død 27. desember 1962) var forfattar, diktar og historikar. Han er kjend for å ha innført omgrepet «det store hamskiftet» om dei sosiale, økonomiske og kulturelle omveltingane i norske bygdesamfunn som skjedde då den norske landbruksdrifta i større grad tilpassa seg marknadsøkonomi og pengehushald.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar, tømmermann og snikkar Trond Jonsson Krokann (1858–1936) og Dørdi Olsdatter Lo (1859–1933).

I 1921 blei han gift med lærar Gunvor Widebæk Lund (1899–1991), som var dotter av gartnar Jørgen Widebæk Lund] og Janna Johnsen.

Liv

Ingebrigt Krokann, som han eigentlig heitte, voks opp på den vesle garden Krokom i Oppdal. I 1915 tok han eksamen på Volda lærarskule. Den første jobben han fekk var i barneskulen i Rennebu. Han fekk vinteren 1917/1918 permisjon for å gå på Askov folkehøgskule i Danmark, og så tok han eit høgskulekurs i Volda. Fra 1920 til 1923 var han lærar ved Skogn folkehøgskule.

Han var ikkje sikker på om det var lærar han skulle vere, og tenkte mellom anna på å studere til prest. Men han fann ikkje visshet om kvar han skulle studere, kva for teologisk retning han skulle velje. Krokann var engasjert i målsaka, og skrev fleire artiklar om dette emnet. Ei anna interesse var historie, og han leste mykje av dette faget. Han var særleg oppteke av mennesket sine vilkår gjennom historia, både sjeleleg og materielt.

I unge år fekk han tuberkulose, som satt seg i ei hofte. Etter lang tid på sjukehus måtte han ei tid sitte i rullestol, og han blei aldri heilt bra i hofta. Under sjukehusopphaldet byrja han skrive på ei bok om Ingebrigt H. Sæter, som var ein sambygdning frå Oppdal. Dette var hans første forskningsarbeid, og det ser ut til at skrivinga satte han på sporet av å skrive skjønnlitteratur.

Han debuterte i 1929 med Dovre-sno, der han skildrer sine eigne forfedre i Lo-ætta, som mora kom frå. Boka starter i 1476, i et Noreg under fremmed styre, og i eit Oppdal der den gamle, hedenske trua ikkje er heilt borte enno. Verket kombinerar hans forteljerevner og hans rike fantasi med kjennskap til historia. Den første boka hadde ikkje vært lett å få ut, først og fremst på grunn av språket. At han skreiv nynorsk er ein sak, men han nytta også oppdalsdialekt med lokale omgrep og dativformar. Ein av dei som hjelpte han å få ut boka var Olav Aukrust.

Han fortsatte denne slektskrønika med Gjennom fonna frå 1931, På linfeksing frå 1934 og Under himmelteiknet frå 1941. I 1952 kom Gravlagt av lynet, som kan sjåast som ein epilog til det store verket. Bøkene har blitt omtalt som på høgde med Olav Aukrust sine dikt og Olav Duun sine episke romanar.

Krokann fekk fleire reisestipend som forfattar, og reiste i både Europa og Afrika. Han vende også ein tid attende til læraryrket, då han i 1937–1938 jobba på den nordiske folkehøgskulen i Fredriksberg i Danmark.

Han skreiv også samtidsbøker. I 1936 kom Blodrøter, ein roman med ei kriminalsak frå den verkelege verden som bakgrunn. Mikal Hetre og sonen Ole Hetle skulle ha myrda ein nabo, men han ha vore offer for eit justismord. Han ga i 1949 ut Ut av skuggen, og her er det bygde-Noreg etter okkupasjonen som blir skildra. I boka møter ein både motstandsfolk, tyskvennlege og stripete folk. Eit tema som dukker opp i boka, som han kjende godt frå historiefaget, var moderniseringa av landbruket.

I 1959 kom den siste romanen, Hammarslaga, som er ein roman frå heimbygda tidleg på 1900-talet, ei tid der mange reiste til Amerika og tappa bygda for dei mest evnerike. Også her dukkar eit historisk tema han var interessert i opp, nemleg overgangen til pengeøkonomi på bygda.

Bland dikta hans kan nemnast ein samling songer for born og eit utval fikt frå voksne frå 1947. Her er det mellom anna minnedikt over Olav Aukrust og Roald Amundsen og hyllingsdikt til heimbygda. Det er sett musikk til ein del dikt, som vart utgitt på to EP-plater i 1956 med tittelen Morgen, dag, kveld - 9 dikt av Inge Krokann.

Han skrev fleire historiske artiklar, men som som er viktigst er «Det store hamskifte i bondesamfunnet», som blei prenta i Norsk Kulturhistorie i 1942.

Ved sidan av å vere forfattar var Krokann også ettertrakta som foredragshaldar og debattant. Han var aktiv i Den norske Forfatterforening, og var medlem av det litterære råd der frå 1938. Ei tid satt han i skule- og kommunestyret i Østre Gaudal kommune.

Inge Krokanns vegOppdal, Inge Krokanns vegLillehammer og Inge Krokanns vegByåsen i Trondheim er oppkalla etter han.

Litteratur og kjelder