Bø (Bygland)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylke: Agder
Kommune: Bygland
Gnr.: 66
Menneskelaga steinhaug der øydegarden Vik låg. Haugen er ikkje undersøkt av fagfolk.
Det gamle buret på Bø «der nede» har to inngangsdører, sjølv om det ikkje er noko stort bur. Det har også litt andre dimensjonar enn vanleg i området.

er gard nr. 66 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på omlag 8400 da samla i ein teig frå Byglandsfjorden til Sandvatn. Namnet tyder beint fram ”gard”, og dette er opphavsgarden som Tveitå, Klepp og Horverak har gått ut frå. Klepp var ein del av Bø heilt til midten av 1600-talet, medan Tveitå og Horverak har vore sjølvstendige gardar langt tilbake i tid. Teiknar ein opp yttergrensane for desse gardane, dannar dei ein firkant som når frå fjorden til Åseralsgrensa, og med topografisk grense mot Senum og Dale.

Gamal skyld på garden var 4 huder. Omkring år 1700 vart han dela i dei tre bruka som framleis utgjer Bø: Bruk 1 ”der nord”, bruk 2 ”der nede” og bruk 3 ”der oppe”. ”Der nede” var halve garden, to huder. ”Der nord” vart 15 kalvskinn og ”der oppe” 9 kalvskinn. Det nåverande gardsvaldet er noko mindre enn det opphavelege: I 1881 vart Grånlia seld frå bruk 3 til Klepp.

Fornminne

Hovudkatalogen til Oldsaksamlinga fortel at det på Bø er funnen eit økseblad frå yngre jernalder i ein jordhaug på garden (det går ikkje fram kvar på garden denne haugen var) og ein breiblada pilespiss av jern.

På øversida av bilvegen i sørkanten av Eikjåknodden ligg fem gravhaugar, før vegbygginga var der også ein sjette. Staden heitte Ekra, eit namn som har gått ut av bruk nå. Gravhaugane synest vere urørde. Det er kanskje tale om ein gamal buplass, kan hende heilt frå folkevandringstida. Namnelekken ”Eikjå” i Eikjåknodden og Eikjåstigen (den gamle vegen opp til Tveitå) kan vere knytt til denne staden.

På nordsida av Vikåna, like ved bilvegen, låg øydegarden Vik (sjå også seinare). Her er ei steinrøys som mest truleg er ein gravhaug. Etter Fornminneregisteret er det funne avslag av flint og kvarts i strandsona på sørsida av Sines og ved det nordlegaste neset, dette blir tolka som steinalderbuplassar.

Eldste kjende eigarar

Ved starten av 1600-talet var det utanbygds eigarar av Bø. Eine halvdelen var knytt til Spangereid i 1604: Eirik Eikenes var gift med dotter til Elin Bjermodsdtr, og han stadfester at i skiftet etter Elins bror Torkjell Gare hadde kona til Eirik fått Bø. Elin var dotter til Bjermod Torsteinson på Foss i Lyngdal, men helst skal vel brevet forståast slik at Bø var godset til Garefolket, og at kona fekk det for å avstå frå odelsgods i Gare. Andre halvdelen viser seg i eit brev frå 1608: Her går det fram at Kjetil Lauritson åtte halve Bø og hadde leigd den andre halvdelen. Han stemnde då brukaren, enka Gyro for retten. I 1630 var framleis Gyro og sønene hennar brukarar på Bø, då hadde Kjetil sett Bø i pant til presten og lensmannen i Valle, Nils Pedersen og Olav Jore. Dei stemnde då Gyro for manglande gardleige. Kvar Kjetil budde, er ukjend. I 1644 hadde framleis Nils Pedersen og Olav Jore sin halvdel, medan andre halvdelen hadde Knut Knutson, son til ”Skraddaren” i Åseral. I 1646 førde skattelistene Jørund Kvåle opp som eigar av heile garden, men seinare lister viser at ein del, ei halv hud, hadde blitt verande i Skraddarætta. I 1649/50 vart Asgjerd Horverak (syster til Knut Knutson) oppførd som eigar av denne halve huda, seinare Kari Åknes (ei anna syster) og sonen Tori Yksenskor. I siste del av 1650-åra fekk så Jørund Kvåle hand om også denne siste delen ved å makeskifte med Tori Yksenskor.

Odelsættene etter 1600-talet

Jørund Gunnarson Kvåle (”Vonde-Jørund”) døydde litt før 1670 og Bø-eigedomen vart fordela mellom borna. Bruk 1: Sonen Knut Jørundson makeskifte i 1699 garden til Telleiv Rolvson Austad (ca. 1661 – 1737). Etterkomarane hans sat på garden inntil odelsjenta Mari Skjølluvsdtr i 1890 gifte seg med Olav Torjusson Frøyrak. Olav selde jorda og ein del av utmarka, denne vart i 1899 kjøpt av Per (Peder) Nilsson Skomedal – hans etterkomarar har garden nå. Ein skogteig vart skild ut og seinare fordela på to yngre søner av Olav Torjusson. Bruk 2: Sonen Tolleiv Jørundson fekk etter faren og broren Gunnar 2 huder i Bø og 5 kalvskinn i Klepp, dette overtok sonen Mads Tolleivson Heistad (ca. 1661 – 1729) i 1718. Hans etterkomarar sit framleis på garden. Bruk 3: Dottera Kristi Jørundsdtr ervde ein part i Bø etter faren. Denne parten må ha blitt kjøpt av ein Olav Viki (ukjend). I 1720 kjøpte sorenskrivar Hagerup (på Horverak) parten, han selde i 1724 vidare til Torjei Nereson (ca. 1683 - 1743) – Torjei var oppvaksen på Bø der faren hadde vore leiglending. Etterkomarane etter Torjei sat med garden til 1863 då enka Ingebjørg Jørundsdtr Longerak på Dale fekk garden på skiftet etter mannen Kristen Guttormson Dale. Hennar etterkomarar har garden i dag.

Kyrkjegods

Av dei fire hudene Bø vart rekna til, åtte prestebolet i Bygland ei hud. Det innebar ikkje at presten kunne vere aktiv eigar, men at kvar av oppsitjarane måtte betale ei fast avgift til presten etter sin del av garden. På same måten var det med øydegarden Vik som tilhøyrde Årdal kyrkje, men denne var særskild skyldsett til 3 kalvskinn og eigedomsparten knytt til Vik. Rettsaker om ein opplagsplass omkring år 1800 viser at denne framleis var sameige for Bø-bøndene og at staden låg rett nord for Vikåna. Øydegarden er kalla ”Wiggen” i Grågås (jordebok for Stavanger Stift ca. 1620), og i listane for leidangsskatten ”Vighobde” eller ”Wiig øde”.

Støylane

Bruk 2 hadde sin støyl i Skarkehommen, medan bruk 1 og bruk 3 hadde sine støylar ved sidan av kvarandre i Kråkehommen. Eg kjenner ikkje til heimestøylar på nokon av gardane, men så låg ikkje dei vanlege støylane langt inn på heia. Slåtttemarka på heia må likevel ha vore i minste laget, for kjeldane viser etter måten mange døme på at Bø-gardane hadde hand om slåttar som tilhøyrde andre gardar, særleg på Senumsmark, men også på Dalsmark (Knutsli).

Husmannsplass

Kjarret låg oppe i lia mellom Bø og Klepp. Staden vart bruka som husmannsplass i 1720- og 1730-åra, og så på nytt i 1760-åra. Seinare har der ikkje vore busetjing. Kvinnebakkane (rett på sørsida av Bø-åna, namnet kjem av kvernhusa som stod ved åna) var plass frå og med 1820-åra. Etter Bollings Byglandssoge var her tre plass, men om alle var i bruk samstundes, er eg uviss på. Den siste som budde her, var Targjerd Taraldsdtr (1842 - 1916) – ei gong mellom 1900 og 1910 flytte ho til ”der nede” og budde der dei siste åra sine. Apleknodden låg ved fjorden nordanfor Bø-åna. Medan Kvinnebakkane kan ha vore rudd i sams bumark, vart Apleknodden rudd i marka til bruk 3. Plasset vart busett frå 1857 av, og her vart folk buande heilt til slutten av 1980-åra, utan at det vart frikjøpt.

Folketal

I 1801 budde 21 menneske på Bø, i 1865 hadde folketalet auka til 30. I 1900 budde her berre 24 menneske, litt fordi Apleknodden var folketom akkurat då. I dag (2013) er her 3 fastbuande på Bø.

Bygningar

Husa ”der nord” og ”der oppe” er relativt nye. Men setehuset ”der nede” er eit påbygd gamalt Setesdalshus med gamlestog og nystog, alder ukjend. Der er det også eit gamalt bur av grovt magetelgd tømmer. Det har eit uvanleg element: Sjølv om det slett ikkje er stort nok til at det kunne vere naudsynt, så har det to inngangsdører. Ein må tru ein her har eit nytt døme på at utsjånaden på bygg i Setesdal kunne vere viktigare enn det funksjonelle. Moglegvis er det her tale om ein ide henta frå eit bur på Kvåle. Oppe i Kvinnebakkane står eit uthus frå tida då det var husmannsplass her.

Steinhuset

Byttet mellom Bø og Horverak går frå fjorden og opp til ein bytestein på Svartefjell. I 1726 var der ein rettssak mellom Horverak og Bø om beiterettane oppe i lia. Der går det fram at bytesteinen nede ved fjorden heitte Steinhuset. Han må ha stått nede ved skulehuset, og med eit slikt namn må ein kunne tru at han hadde ei uvanleg form. Bytesteiner vart svært sjeldan rivne, men likevel kjenner eg ikkje til nokon slik stein nå. Kanhende stod han nede ved strandlina slik ho var før oppdemminga. Den same rettssaka viser elles at ungjenter kunne tillate seg meir enn andre, den gongen som nå: Olav Knutson Nørstebø hadde vore leiglending på Bø i nokre år tidlegare, og vitna om korleis beiterettane hadde blitt praktisera. Han pla jage bort Horverakshjuringane når dei kom over bytegrensa. Men når Mari Halvorsdtr eller Anne Torgrimsdtr gjætte for Horverak, så let han dei få lov!

Segner og soger

Opphavet til Bø

Sigurd Apleknodden (Sigurd Bø) fortalde om Ekra ved Eikjåknodden (til mannen som registrerte gravhaugar for Fornminneregisteret): Sagnet sier at den gamle Bøgården skal ha ligget her. Den ble fraflyttet p.g.a. frostskade på avlingen.

Vik og Sines

Mikjel Skjevrak fortalde om øydegarden Vik i Byglands soge (1939) at etter segna så var Vik klokkargard og kyrkja skulde stå på Sirnes.

Kjarret

Reidar Bollings gards- og ættesoge fortel at etter segna var Nere og Else dei siste som sat i Kjarret: Nere lika så klent å fortelje kvar han var ifrå. Han bruka jamnast å svare noko vranteleg: "Eg bur mellom Bø og Klepp, Spreni og Steinen, Upsæ og Bjørnås." Else var illgjeten for kjeftbruket sitt, og konene løynde seg for henne når ho kom ned i garden. Når folk ville på heia, møtte ho opp på kleivevegen og ynskte at dei ikkje kom heimatt med bein eller augo. Merknad: Namna Nere og Else er ikkje funnen i kyrkjeboka. Men det svært sjeldne namnet Else var namnet til den første kona til plassmannen i Kjarret, Nils Åsulvson.

Jørund Rolvson

Jørund Rolvson Bø (1746 – 1775) frå ”der nord” døydde etter eit bryllup i Evje. Om dette fortel Olav Galteland i “Gamle segner frå Evje” at Sigrid Nordbø var einearving og odelsjente, men ho var foreldrelaus og vaks opp hos Tolleiv Odde. Tolleiv hadde ein son Knut, og han og andre meinte det skulle bli eit par av dei to. Men so hende det at det kom rekande ein kramkar som heitte Jørund Bø. Han gav seg til i bygda og var med ungdomen i leik og lag. Det vart venskap mellom Sigrid og kramkaren og folk fekk snart det å segja, at dei to heldt seg mykje saman. Men Torleiv brydde seg nok mindre om kramkaren, som kom og gjekk son hans i vegen. So var det ein gong eit stort brudefylgje ved Evje-kyrkja. Mange “kikkarar” var mødt fram for å bisna på ferda. Millom desse var og Jørund Bø.“Kikkarane” og brudlaupsfolket drakk og dansa i drengestoga medan brud og brudgom var inne og skjenkte presten. Og mange var drukne. Jørund Bø og Torleiv Odde var og med og smakte på brudlaupsdrykken. Men Jørund ha set for djupt i skåla, han vart liggande att på senga og var ikkje kar til å fylgja, då dei andre for. Då dei seinare kom inn fann dei guten liggande på tilet, blodut og fæl og mest livlaus. Han vart køyrd til ei syster som budde i Vassend, men han døydde få dagar etter. Det var mange som gat om at Torleiv ikkje var radt skuldlaus i dette nåsfallet. Og far åt guten skreiv klage og skulda Torleiv for å vere mordar. Men korleis det var og ikkje – saka kom aldri fram. Torleiv meinte på at Bø-mannen nok skulle få for sine skuldingar – han skulle leggje sak han og. Då Bø-mannen skyna at han ikkje kom nokon veg her heime med klaga vilde han i veg til kongen. Men då vart Torleiv og presten Bruun, som ha tala Torleivs sak, ille farne, og Torleiv lagde etter til byen og gjorde forlik.

Drukningsulukka på Gyvatn

I 1821 drukna Knut Gunnarson Bø (1764 - 1821) frå ”der oppe” og sonen Gunnar. Om dette fortel Bollings gards- og ættesoge: Det bar til såleis: Sumaren 1821 var Knut Bø og sonen Gunnar på Midstrondstølen og slo. Den 4. august skulle dei flytte heimatt. Det var fæl vind den dagen, og det bles ugodsleg på Gyvatn. Då dei sat kring gryta om morgonen og åt bufargrauten, tala dei om at dei kunne symje som fiskar båe to, så det var ikkje farleg om det huska litt i prammen. Dei lasta farkosten med koller, holkar, ambrar, slåttegreier og anna dei skulle ha med. Grautgryta gløymde dei heller ikkje. Så sette dei av stad. Dei rodde ut på vestsida langs Krolandet, der det var stillast. Så svinga dei over til Sloa, elva mellom Sandvatn og Gyvatn. Plent utanfor odden, der dei svingar inn til Sloa, hende ulukka. Vinden var strid og prammen var gamal og roten, så dei gjekk under. Då folk kom til, låg dei døde på botnen attmed grautgryta, på grunt vatn berre nokre meter frå land.

Siri og Birgit

I furer Aavitslands “Slægtsregistre for Evje hovedsogn“ frå 1914 er der eit tillegg “Bygdehistorier og sagn”. Der er ei forteljing som omhandlar Siri og Birgit Bø (Birgit heitte kanhendee Berit – og i dette sagnet blir ho kalla Berte). Eg har oversett til nynorsk og lagd bort nokre særleg riksmålske talemåtar:

Då Åsmund Telleivson Åsland var 18 år, la han merke til to så særleg fine dalejenter i kyrkjelyden ved Evje kyrkje. “Naar eg blir 21 år, ja so ska eg vel sjaa aa finne dei atte,” sa han Åsmund. Det var Siri og Berte Bø frå Årdal.

Då Åsmund sidan fekk høve til å tale med Siri, vart dei snart samde om at han måtte kome og hente henne. Så ein dag hadde Siris mor Torbjørg vore ute i skogen og hadde funne ein ormeham. Etter gamal tru la ho den under puta til Berte, utan at dottera visste om det. Om morgonen spurde så mora om Berte hadde drøymd noko. Og dottera fortalde at det hadde ho, ho hadde sett ein ung blåmann (ein som ikkje var kledd i grå setesdalsdrakt) med sølvknappar i trøya hoppe over eit steingjerde. – Dagen etter kom Åsmund for å hente sin trulova, Siri. Og då Berte så han, kjende ho han att som guten i draumen. Åsmund la fram erendet sitt og ba om å få dottera Siri med seg. Men då Torbjørg høyrde dette, svara ho: “Aa nei, Berte æ ældre, aa ve du inkje ha henne, kan du gaa atte.” – Då Åsmund høyrde dette, sa han: “Aa gje meg saa kven du ve.” Så blei det Berte som følgde med Åsmund.

Til slutt i forteljinga er det noko frå bryllaupet deira – det ser ut til at tradisjonen med benkegåve då stod såpass svakt i Evje at Åsmund kunne fleipe slikt krav bort: Om mannen døydde kunne kona behalde benkegåva uavkorta, benkegåva vart halden utanfor skiftet. Så då kjøkemeistaren kravde av Åsmund at han skulle løyse brura av benken før dei gjekk til kyrkja, ville ikkje Åsmund det, for som han sa: “ – de var noko alle kunne sjaa, at ho saag meir dødeleg ut enn han. Aa de’ at ho idag æ so opstasa, de’ jere no ingenting for helsa.”

Merknad: Siri og Birgit var frå bruk 2 ”der nede”, Siri f. 1810 og Birgit f. 1808, døtre til Knut Madsson og Torbjørg Telleivsdtr (frå Bø bruk 1). Den grå setesdalsdrakta som skilde setesdølene frå blåmennene var den gamle med stutte felte buksar, den som vart avløyst av skinnfua.

Litteratur

  • Furer Åvitsland: Slægtsregistre for Evje hovedsogn. 1914
  • Skar, Johannes: Gamalt or Sætesdal. Samla utg. Oslo 1961
  • Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland. Bygland 1952
  • Mikkjel Skjevrak i: Byglands soge, Kristiansand 1939
  • Olav Galteland: Gamle segner frå Evje. Agder historielag 1920

Koordinater: 58.687562° N 7.777126° Ø