Greip

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Greip frå Telemark, skaftet manglar.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen

Eit greip er eit landbruksreiskap med ståltinder som nyttast til vending av jord, spreiing av gjødsel, lessing av potetar med meire.

Det finst fleire vanlege sorter greip: Spadegreip til vending av jord har gjerne fire flate tinder, gjødselgreip har gjerne fem eller seks tynne tinder og potetgreip har gjerne seks til ti tynne tinder med ei kule i enden så ein ikkje stikk hol på rotvekstane.

Ein kan også nytte eit greip som høygaffel, men slike har gjerne berre tre tinder og ein litt annan utforming.

Kjelder

  • Greip i Store norske leksikon.