Sauland Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauland Trevarefabrikk, truleg ei gong på 1940-talet.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Sauland Trevarefabrikk blei starta av Gjermund Maurbrekke i 1924. Verkstaden låg i Sauland i Hjartdal kommune.

Historikk

Etter å ha verka som snekkar i 12 år starta Gjermund Maurbrekke opp eigen verkstad i Sauland i 1924. Maurbrekke var då 30 år gamal. På verkstaden vart det produsert kister og svøp i tillegg vinduer, dører m.m. Fabrikken hadde ei golvflate på 160 kvadratmeter og åtte moderne maskiner. Kring 1940 vart det sysselsatt tre mann på fabrikken.[1]

Sonen til Maurbrekke, Kristian Lauvstad, arbeidde saman med faren allereie i 15 års alderen. Han tok svenneprøve i møbelsnekkerfaget som 23-åring, og har sidan jobba på trevarefabrikken saman med faren[2], og seinare som eigar av fabrikken. Ei tid hadde Kristian elleve tilsette her. Frå 1983 leigde Kristian bort trevarefabrikken.[3]

Kjelder

  • Karlsrud, Gjertrud Kleveland, Hjartdalsoga : gard og ætt. 2 : Sauland, Sauland, 1992.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referanser

  1. Sætherskar, 1949, s. 792.
  2. Sætherskar, 1949, s. 792.
  3. Karlsrud, 1992, s. 456.