Sota Sæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sota Sæter, påska 2015.
Foto: Hans P. Hosar
Sota Sæter er ei betjent turisthytte ått av DNT Oslo og Omegn. Staden ligg i Skjåk kommune på seterstølen Sota, lengst vest i Bråtådalen (Åstradalføret) i Breheimen, rett ved den vestlege enden av Liavatnet. Det er eit mykje brukt utgangspunkt for turar mellom anna til Nørstedalsseter, Tverrådalskyrkja, Fortundalsbreen og Jostedalsbreen. Sota ligg på 819 m.o.h. Turisthytta består av 10 ulike bygningar, for det meste eldre tømmerbygningar, og rommar til saman 72 overnattingsplassar.
Svein Kvitingen, fyrste turistverten på Sota.
Foto: Ukjent.

Som turiststad har Sota godt som samanhengande tradisjon attende til 1894. Da gjorde den legendariske reinsjegeren og tusenkunstnaren Svein Kvitingen (1856-1939) avtale med Den Norske Turistforening om å syte for enkel kost og losji for fjellvandrarar på Sota, der han hadde tilhald store delar av året. Året etter utferda DNT fjellførarpatent til Kvitingen. Same året, 1895, var historikaren og turistforeiningsmannen Yngvar Nielsen innom Sota på veg til Nørstedalsseter. Nielsen gjev staden og turistverten følgjande gode attest: «På denne sæter har nu Svein Kvitingen indrettet eget hus for reisende, med gode senge og upåklageligt stel. Det er et sted, hvor det er anledning til at kose sig godt».[1]

Læraren og folkeminnesamlaren Edvard Grimstad (1886-1955) tok over etter Svein Kvitingen, og han bygde ut staden med fleire hus og senger. Grimstad hadde sterk tilknyting til Sota, da garden han var vaksen opp på i Skjåk, har seter der. Sonen Torbjørn Grimstad, kunstsmed, overtok i 1954, og heldt fram med utbyggingsarbeidet som faren hadde teke til med.

I 1989 vart Sota Sæter kjøpt av Berit og Gunnar Bugge, som sytte for ei omfattende restaurering av bygningane. Ekteparet selde staden til DNT Oslo og Omegn i 1994, som eig turisthytta den dag i dag.

Referansar

  1. Turistforeningens årbok 1895:43, her sitert etter Hosar, H.P. 1998:333.

Kjelder og litteratur