Trollheimen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland

Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.

I gamal tid var det villrein i området. I Svartådalen ligg det eit fangstanlegg for villrein.

Det var friluftspionerar frå Trondheim som i 1880-åra fann på namnet Trollheimen. Det er altså eit påsett namn på line med Jotunheimen. Etter kvart vart området sentralt i verksemda til Trondhjems Turistforening.

Litteratur

  • Brox, Karl H. 2005: Fjellets arvesølv. TTs hytter gjennom tidene. Trondhjems Turistforening: 132f.