Bjåen (grend)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bjåen fjellstoge og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Bjåen er den nordlegaste grenda i Bykle kommune i Setesdal. Ho ligg omlag midtvegs mellom Bykle og Grungedal, og er den første busetnaden ein kjem til om ein tar vegen inn i dalen nordfrå. Bjåen ligg i eit fjellområde, der det er godt beite for småfe, men ikkje så lett å dyrke noko.

Grenda har namn etter garden Bjåen, som er matrikulert under Breive. Den første busetnaden i området kom seinast på 800-talet, då det vart oppretta ei jernvinne her. Men garden slik han ligg i dag går ikkje lenger tilbake enn til 1800-talet.

Bjåen turiststasjon vart oppretta mot slutten av 1800-talet. Seinare, i 1930-åra, vart også Bjåen fjellstoge etablert.

Kjelder

Koordinater: 59.63996° N 7.43988° Ø