Fartøyet/båten sine lengdemål

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sjå også artikkelen Båtens størrelse
BAAT MAAL
Fartøyet/båten sine lengdemål som del av å oppgi storleiken på ein båt skulle ein tru er ei enkel sak.

Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.

Nyare målemetodar:

Oppgitt i SI-einingar. Sjøfartsdirektøren har til ei kvar tid gjeldande fasit.

LOA = Lengde over alt = Total lengde som er lengdemålet Tradisjonsbåtregisteret nyttar ved registrering av tradisjonsbåtar

LPP = Lengde mellom perpendikulæane

Registreringslengd = Lengde mellom bakre perpendikulær og kryssingspunktet mellom baug og dekksplate på øvste dekk i skroget.

Lengde ved vannlinje

Perpendikulæren er ei rett oppståande linje som står 90 grader på vassflata eller den berekna vassflata på teiknebrettet.

Bakre perpendikulær er relativt grei så lenge fartøyet har ror og rorhengsle/rorstamme. Den går i senter på rorstamma/rorhengsle (rorstamme som ikkje står 90 grader på vassflata har skapt mange diskusjonar). I Fiskeriregisteret omtala som bakkant av bakstamn (men det er ikkje så slavisk det ser ut til då komstruksjonsmessige detaljar med tillegg av diverse misforståelsar har sterk innvirkning på desse lengdemålingane).

Fremre perpendikulær er omlag i kryssingspunktet mellom baugen og vasslinja på fartøy utan last. Ein finn litt avvikande forklaringar, det kan og vere krysningspunkt for oppgitt berekna vasslinje ved konstruksjon. ‎

Tidlegare målemetodar

Bakstamn og ror på kutterskrog u motor
Øvste ende bakstamn og rorstamme
Bakstamn Voldaferga 1936
Bakstamn m hol for rorstamme
Bakstamn skøyte
Register over merkepliktige norske fiskefarkostar, også kalla Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling 1923: 3dje rubrikk:

Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av av øverste ende av bakstevnen.

Tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten.

Dette fortel at om ei ser på ein båt og tenkjer oppgitt talstørrelse og totallengd er det god grunn til å tenkje seg om ein gong til. Kutteren MB «Trygve» M 18 VA er døme på den vanskelege målinga. Bygd, målt og brukt etter lengste lengde (kanskje med unntak av framstamnen fram om huda). Ved innføring i Fiskeriregisteret 1920 ommålt etter nye reglar der rorstamma er mykje brukt som bakre målepunkt, no er den tilsynelatande 3 - 4 fot kortare enn før.

Teksta i fiskeriregisteret seier "akterkant av øverste ende av bakstevnen", men der ein kryssar, kutter eller ein gavlbåt var ombygde for motor og propell var det ikkje så enkelt å vite kvar definert "bakstevn" var. Derfor vart oftast rorhengsle og framkant eller sentrum av rorstamme brukt som bakre målepunkt. Les ein dei lokale notata opp mot den trykkte delen av Fiskeriregisteret ser ein at her er mykje synsing, tolkingar, feil og manglar.Vanlegaste feilkilda er truleg manglande rapportering frå eigarane ved reparasjon og ombyggingar. Ved salg er det mange døme på at selgjande part ikkje sende inn siste pålagde skjema. Då vart endringane notert i lokalt register, ikkje i den trykkte utgåva som kom ut anna kvart år, så her vart feil, kanskje i 20 - 30 år.

Dei som har sendt inn måla til registrering har nok ikkje hatt samsvarande oppfatning om korleis måla skulle takast. Resultatet er dermed litt ymse fram til rundt 1960 då ein i hovedsak gjekk over til SI-einingar (metriske).

Før 1920 då Fiskebåtregisteret kom i drift og prøvde å einsrette måltakinga og vidare bakover i tid der tumar, fot og alner var lengdemåla endar ein oppe med å spørje: Kva for tume, fot og aln snakkar vi om ?

Listar ein opp måla så langt ein finn ser ein at for ro- og seglbåtar i størrelse færing til åttring vart lengde målt etter ripa, oppgitt i alner mellom stamnane, ikkje paralellt med kjølen.

For sunnmørsfjordane vart ein vanleg 6-borda, mykje brukt færingsstørrelse, heilt fram til 1970 omtala som ein nialning. Truleg ni norske alner (ca. 0,629 m) etter ripa (kanskje båtalner 0,549 m). På Bjørkedalen selde dei same båten ned til fjorden som ein ni-og-ein-halv-alning (og storefæringen som ein ellve-og-ein-halv-alning). Det kan vere to grunnar til at uttalen ein-halv fall vekk når båten kom på sjøen: At det var tungvint og seie ein-halv kvar gong ein omtala størrelse, eller at båtalna var på veg ut av hovudet på folk flest og at dermed den (nye) norske alna frå 1615 var i ferde med å overta også når folk tenkte båt. Same båten kunne vere omtala som 14-foting, då vart det vel ikkje tenkt nøyaktig mål, men sånn omtrent lengste lengd på stamnane.

Ni-alningen kunne vere "hollje" (dryg) framme og "kvædinj" (lite bereevne) bak. Den kunne vere "hollje" i begge endar og der med ha god lasteevne, eller "kvædinj" i begge endar, lettrodd. At den var akkurat ni alner etter ripa skulle vel godt gjerast.

Går ein bakover i tid er det ein glidande overgang til eldre alner der den lengste er 0,629 m og den kortaste er 0,44 m. Mest sannsynleg brukt alen for båt er nok båtalna på 0,549 m. At dei ymse alnelengdene har skapt misforståelsar og krangel ved handel er mykje truleg .

Ei forteljing ein kjenner til frå eit trebåtverft ein gong rett etter andre verdskrig seier at etter båten vart forlengd og ommålt synte noteringane at den var kortare enn før forlenging. Dermed fordampa tilskotet til forlenging. Årsaka til dette kan vere at båten tidlegare har fått byggetilskot etter oppgitt total lengde. Ved forlenging vart den ommålt til bakkant av definert "bakstevn". Der med vart den kortare på papiret og ikkje tilskotsberettiga. Det skal ikkje vere enkelt.

Dei gamle måla: Med kroppen som målereidskap

Stutt el kortspann og langspann
Tumaln og fingeraln
Båtaln og nevaln
Norsk dansk aln fra 1615
Famn

Desse gamle måla har det felles ved lesing av tilgjengeleg informasjon at ingen mål tilsynelatande er heilt sikre. Når ein frå tida antikkens Egypt fram til om lag 1850 finn tumar frå om lag 17 mm til ein russisk variant på over 40 mm er det rimeleg at ein ved handel måtte ha med sin målestav og opplyse at mine oppgitte størrelsar er frå denne.

Den som skulle bruke kroppen som målereidskap måtte øve inn måla på eigne kroppdsdelar og kontrollere jamt. Snikkarar og båtbyggjarar hadde verktøykiste. At her låg ein målestav med hakk for alle kjende mål er rimeleg å tru. At måla var skorne i næraste kanten på verktøykista for rask kontroll ved tvil er like truleg. Om ei slik kiste dukkar opp må ein ha i bakhovudet at begge målesystema (før og etter 1615) truleg er skorne på same fjøla og kansje på same kanten. Mange av dei som hadde lært måla oppfatta at slik var det. Dei visste truleg ikkje at dei arbeidde i to system.

I Noreg må båtbyggjarane ha vore mest konservative. Båtalna var tilsynelatande einaste lengdeeininga som hadde same mål før og etter revisjon i 1615, og var saman med den gamle tumen (no kalla langtumen)i bruk ved bygging av klinkerbåtar opp til rundt 1980. Då var endå til båtbyggjarane byrja å misse kontrollen på det gamle systemet 400 år etter revisjon.

Fiskarane har heller ikkje synt særleg vilje til å gi opp famna. Famna er så praktisk når du står og tek tau tii ei tauhespe (togahespe), ei famn pr. omfar/omdreining.

Augemål:

For ein handverkar den raskaste målereidskapen, når ein fyrst har lært gjeldande mål. Å sjå eit mål gjorde deg effektiv. Smeden hadde alltid tumarsfingeren på "halde-handa" tilgjengeleg, den var synleg i auge-kroken anten på tanga eller kald ende på emnet. Det var berre å halde tumen fram og kontrollmåle augemålet.

Handa blir brukt til:

Tumar ("): Om denne tumen er norsk, engelsk, dansk så har den i lang tid hatt oppdeling ved at ein delar på to: 1" /2 = 1/2 " /2 = 1/4" /2 = 1/8" /2 = 1/16" /2 = 1/32" /2 = 1/64" /2 = 1/128" /2 = 1/256". Så langt kan ein lese målet frå ei rett skyvelære. Ein kan fortsetje /2 = 1/512" /2 = 1/1024". (Dette er små lengdemål, derfor har pragmatikarane kalla dette 1/1000" (tusendels tume, .0010) og bygd mikrometeret for engelske inches ut frå denne inndelinga). Langt bakover i tid har handverkarar vore nokre reserar til å telje og rekne brøk. Rundt år tusen var den engelske målestikka (yard) tydelegvis delt etter same system. Der var vel normenne jamt, om ikkje alltid like velkomne. I alle fall kystbefolkninga rundt Norsjøen må ha brukt denne måten å dele mål på lenge.

Norsk (gammal): 27,5 mm = 0,0275 m. Den gamle langtumen som eldre folk i Bjørkedalen i Volda framleis (2013) hugsar var brukt saman med båtalna.

Norsk: 26,2 mm = 0,0262 m

Dansk: 26,2 mm = 0,0262 m

Svensk: 24,7 mm = 0,0247 m

Engelsk (inches): 25,4 mm = 0,0254 m

Lø(y)vd (loven):

Loven (om lag bakre ledd fire fingrar) 4"

Tumarsfinger langs med loven 5"

Loven med utstrakt tumarsfinger 6"

Spanner:

Stutt- eller kortspann: Tumarsfinger til ende peikefinger 6" (Det er freistande å tenkje at denne har vore rekna som 7" ved bruk av det gamle systemet)

Langspann: Tumarsfinger til ende langfinger 8"

Underarm (frå gamal aln) Alner:

Tumaln = 16 " (gamle norske ?)

Fingeraln = 18 " (gamle norske ?)(lik lovaln)

Lovaln = 18 " = (gamle norske ?)(lik fingeraln)

Nevaln = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei båtaln)

Båtaln = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei nevaln)

Båtaln/nevaln, gamal norsk = 20 " (norsk) = 0,0275 m x 20 = 0,55 m = 55 cm

Norsk aln = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm

Famn, begge hender strekt ut til sida (for eit passeleg stort menneske):

Famn har mange forklaringar og mange størrelsar. For norske mål for båt og sjø tre dansk-norske alner (0,63 m) med ny, norsk-dansk tume frå 1615.

Famn med bakgrunn gamal norsk tume 27,5 mm og deling på to ( /2) som den engelske målestaven (yard kring år 900) må famna ende på 1,76 m (skal prøve på ei grunngiving litt seinare).

Fot:

Meterfot = 1/3 meter = 33,33 cm =0,3333 m

Norsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3137 m = 31,37 cm

Dansk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3139 m = 31,39 cm

Svensk: 1 fot = 12 tomar = 0,0247 m x 12 = 0,2969 m = 29,69 cm

Engelsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0254 m x 12 = 0,3048 m = 30,48 cm

Enkeltområde/kongedøme lagar eigne system:

Ut over hundreåra kom endringane som ny engelsk tume (inch) og tredeling av målestaven (1 yard = 3 feet = 36 inches). 1615 ny dansk-norsk tume og der med ny lengde på den 24 tums lange alna og med tre nye alner på famna. Målesystemet får blanding av to- og tredling og reknekunsten må aukast monaleg for å forstå og rekne seg fram i systemet. Ein forståeleg ting er att, nevalna/båtalna beheld lengda (0,55 m) sjølv om den blir endra frå 20 til 21 tumar. Den nye tumen er kortare. Nevalna/båtalna er ei naudløysing den lite reknkyndige grip til når når gjeldande system blir uforståeleg. Begrepa: Spann, love, tume har behalde talstørrelsane, men alle lengder er endra og fot med 12 tumar og tre-deling er introdusert. Tumen har behalde to-deling lokalt, men i nordsjøområdet er der tumar med tre-deling som gir eit "sabla surr" (så langt skrivar klarar å tolke informasjon i dag). Rundt 1850 kom det metriske systemet. Men nevalna/båtalna er framleis god nok i 100 år som det sikre samanlikningsgrunnlaget på båt og trematerialar frå eit gamalt system.


OBS! Det som kjem under her er av litt eksperimentell art. Grunn: Målesystem har sine grunnversjonar/hovedrevisjonar, seinare blir dei tilpassa, tolka og reviderte på nytt.

Norsk-dansk tume (0,0262 m), grunnversjon ved revisjon 1615 (?):

1. Namn/type 2. Norsk frå 1615 3. Del av 4. Meter 5. Kommentar 6. Opplysningar frå
Famn 72 1,883
Aln 24 1/3 famn 0,627
Fot 12 1/2 aln 0,314
Tume 1 1/12 fot 0,0262

Det kjem til praktiske løysingar/kompensasjon frå det gamle systemet: Loven x 3 = 1 fot, stuttspann (6 tumar) x 2 = 1 fot. Systemet misser dem gode delen for ei lite utdanna befolkning i dette å telje seg mellom tumen og famna ved to-deling eller dubling av kjend lengde. Båtalna fortsette og i bruk, men i det nye systemet med 21 tumar X (ny tume) 0,0262 m = 0,55 m. Denne revisjonen starta nok eit fire-hundre-årig mareritt i lengdemål.

Der var ei trøyst for dei som arbeidde med jern (seinare blir mesteparten kalla stål), det engelske målesystemet. Engelske fot ved handel av båt har nok den løyst ein del flokar. Norske båteigarar kalla denne skrytefot, båten verka litt større når ein gav opplysingar med kortaste fot:

Engelsk tume, inch (0,0254 m), like norsk som den norske tumen:

1. Namn/type 2. Tumar, engelsk inch 3. Del av 4. Meter 5. Kommentar 6. Opplysningar frå
Yard 36 0,9144
Fot 12 1/3 yard 0,3048
Tume 1 1/12 fot 0,0254


Fabel kring den gamle norske tumen på 2,75 cm:

Med tumen si to-deling som utgangspunkt og kompensasjon frå dei gamle alnemåla kjem det til syne eit komplett målesystem frå ei famn til eit strå. Kan ein samtidig tillate seg å kalle den ”Nordsjø-tumen” frå rundt år tusen e.kr.? Vikingane handla (og slost) i desse tider rundt Nordsjøen og vidare. Dette gamle målesystemet har det vore tidkrevjande å ta livet av, ref. båtalna. Men det har fått omregning til nyare mål, då var det ikkje logisk lenger og der med vanskeleg å forstå.

1. Namn/type 2. Tumar, gl. norsk 3. Del av 4. Meter 5. Kommentar 6. Opplysningar frå
Famn 64 1,760
Målestav (yard) 32 1/2 famn 0,880
Målestikke/aln 16 1/2 målestav 0,440
Spann, lang 8 1/2 stikke 0,220
Love (løvd ?) 4 1/2 langspann 0,110
Tumarsfinger 2 1/2 love 0,055
Tumarsfinger, fremste ledd/tome 1 1/2 t.finger 0,0275
Nagl 1/2 tume 0,0138

Med kompensasjon ut frå dei andre kjende, gamle alnene, ser det ut som eit komplett målesystem. Som lesaren ser er her konstruerte namn som "reknemeisteren" ikkje har dekning for. Tome ruter, skulle hatt forslag til namn.

1. Namn/type 2. Tumar, gl. norsk 3. Del av 4. Meter 5. Kommentar 6. Opplysningar frå
Famn 64 1,760
Målestav (yard) 32 1/2 famn 0,880
30 15/16 målestav 0,825
Spann-love-aln 28 7/8 målestav 0,770 8+4+16"
Spann-finger-aln 26 13/16 målestav 0,715 8+2+16"
Spann-aln 24 3/8 målestav 0,660 8+16"
Kortspann-aln 22 11/16 målestav 0,605 6+16"
Nevaln/båtaln 20 5/8 målestav 0,550 4+16"
Finger-aln 18 9/16 målestav 0,495 2+16"
Tum-aln (målestikke) 16 1/2 målestav 0,440 grunnaln 1/4 famn
Spann, lang 8 1/2 målestikke 0,220
Spann, kort 6 Love + tum-finger 0,165 4+2"
Love (lø(y)vd ?) 4 1/2 langspann 0,110
Tumarsfinger 2 1/2 love 0,055
Tumarsfinger, fremste ledd/tome 1/2 t.finger 0,0275
Nagl 1/2 tume 13,8 mm
Kvist D = 1/4 tume 6,87 mm
Aks D = 1/8 tume 3,44 mm
Strå i rot D = 1/16 tume 1,72 mm
Strå i topp D = 1/32 tume 0,86 mm
Hestehår D = 1/64 tume 0,4 mm


Fabel slutt. Det er fint om du som lesar eller fagpersom har meiningar.

Døme: Eit hjartesukk frå ein | færingsbyggar 1983: Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: Kor stor er eigentleg denne båten ? Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 båtalner etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er 21 norske tomar (til samanlikning er ei ”ny” norsk aln 24 norske tomar). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er hollje eller kvædinj. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. Framleis er det ein 9-alning. Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".

Kjelder og informantar

  • Register over merkepliktige norske fiskefarkostar
  • Lengde mellom perpendikulærane
  • Lenkjer til gamle mål på L-wiki
  • Tekniske regnetabeller. Smeby og Kobberstad. Cappelens forlag 1961
  • Sunnmørsåttringen. Av yverlærar Bernh. Færøvik
  • Erling Bjørkedal (1930 - 2013) båtbyggjarson
  • Einar Høydalsvik (1921 – 1997) båtbyggar
  • Jakob Helset f. 1937 båtbyggar
  • Lars Longva (Syft og skaut: Førindustrielle opne båtar, målesystem. Her er oppgitt at illustrasjonar er henta frå bokverket: Nordlandsbåten og Åfjordbåten av Gunnar Eldjarn og Jon Godal)
  • Høydalsvik, Oddvar E. f.1951