Korleis skrive bygdebok?

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Denne artikkelen er innhenta frå NLI sin nettstad lokalhistorie.no. I utgangspunktet er det instituttets svar på vanlege spørsmål som blir retta til NLI i samband med bygde-, by- og regionshistoriske boktiltak. Her på wikien inngår det i ambisjonen om å utvikle ein historikarskole på nett. Føremålet med å overføre stoffet til wikien, er i første rekkje å kunne supplere og forbetre rådgjevinga ved bidrag frå andre personar og andre kompetansemiljø.

Stoffet er delt i to hovudbolkar: Bokprosjektering og Forfattarrettleiing. Det første rettar seg mest mot utgjevar/oppdragsgjevar i både planleggings- og gjennomføringsfasen av boktiltaket. Det andre dreiar seg meir om det faglege innhaldet og framstillingsforma i verket.

Bokprosjektering

Kva slags verk vil vi ha?

Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko anna?

Eit naturleg utgangspunkt er å føreta ei kritisk vurdering av den lokalhistoriske litteraturen som allereie finst om staden, både kva gjeld omfang og kvalitet. Er det t.d. tidlegare utgjeve gards- og slektshistorie og/eller allmennsoge for kommunen? Om det allereie er ei gards- og slektshistorie, bør ein spørje seg: Er heile bygda dekt? Er det grupper av folk og heimar som ikkje er komne med? Kor nær opp mot vår tid går boka? Kor nøyaktige og pålitelege er opplysningane om heimar og personar der? Om det finst ei eldre generell historie, bør ein sjå nøyare etter både kva som er med og kva som er utelate, både med omsyn til historiske epokar og emneval innanfor dei tidsromma som er behandla. Er tematikk og synsvinklar kanskje sterkt prega av si tid? Er det openberre sosiale skeivleikar? Er framstillinga sterkt mannsdominert? Kanskje dreiar historia seg mest berre om kyrkje, skule og kommunestyre?

Spesielt når bygde- by- eller regionshistoria skal utgjevast i offentleg regi, vil det vere viktig med eit gjennomdrøfta og medvite val av sjanger og innhald. Kva type lokalhistorie som blir prioritert, kan nemleg gje viktige kulturpolitiske signal til lokalbefolkninga og omverda. Anten det er tilsikta eller ikkje frå forfattars og utgjevars side, vil den lokalhistoriske litteraturen gjere sitt til å gje bygda, byen eller regionen profil og identitet. Og kva slags "image" ein stad bør ha, kan det som kjent rå ulike meiningar om. Viktige typar av spørsmål som kan reisast i denne samanhengen, er til dømes:

  • Skal ein storkommune som inkluderer ein by, finansiere ei historie om sjølve byen, om heile kommunen eller kanskje separate bygdehistorier frå dei tidlegare sjølvstendige landkommunane?
  • Vil val av gards- og slektshistorie gje ein slags forrang til bondekulturen?
  • Vil på den andre sida sektorhistorier om industrialisering eller sjøfart og fiske i ei bygd gje signal om at bondekulturen blir sett som relativt mindre viktig?
  • Vil sterk vekt på etnisk historie bere bod om at minoritetskulturar har vore neglisjert og undertrykt, og at dei nå bør få sin rettmessige plass?

For bygdene har valet som oftast stått mellom gards- og slektshistorie og generell bygdehistorie. Den førstnemnde sjangeren er så vidt særmerkt, og har vore så omdiskutert, at den synest å krevje ei særskild grunngjeving utover det generelt positive i å tilby folk auka kunnskap om fortida. Derfor har vi nedanfor samla nokre vanlege argument for og mot å velje gards- og slektshistorie.

For:

  • Gards- og slektshistorie er ein etterspurd sjanger, og er ofte lettare å selje enn allmennsoge.
  • Særleg slektsgranskarar har stor hjelp i gode gards- og slektshistoriebøker.
  • Slike bøker utgjer store samlingar av fakta av ymse slag, til stor nytte for oppslag også for mange andre formål enn slektsgransking, t.d. innan demografisk og sosialhistorisk forsking.
  • Arbeidet med gards- og slektshistorie er eit stort, viktig og mobiliserande kulturverntiltak.
  • Konkret kunnskap om garden, heimen, slekta gjev heimstadkjensle og identitet.
  • Det stimulerer til vidare historisk interesse å lese om bustader og menneske som ein føler personleg tilknyting til.

Mot:

  • Trass nyare forsøk på å få med alle typar heimar og sosiale grupper, favoriserer sjangeren dei familiane som påviseleg har hatt tilknyting til vedkomande lokalsamfunn gjennom fleire generasjonar, og særleg dei som høyrer til på gardane i bygda.
  • Utover innsamlinga av einskildfakta har sjangeren mindre faghistorisk verdi, fordi den ikkje inviterer til årsaksforklaringar og forståing av større samanhengar.
  • Samling og publisering av opplysningar om einskildpersonar, særleg frå nyaste tid, kan krenke privatlivets fred.
  • Det har ofte vist seg vanskeleg å halde slike verk innan rimelege rammer for omfang, kostnader og tidsbruk.

Kor mange band gards- og slektshistorie?

Dette spørsmålet kan gjerast meir handterleg ved å spørje seg kor mange sider som skal avsetjast pr. gardsnummer. Så blir det å gange dette med talet på gardsnummer som kommunen/området består av, for å finne ut kor mange band det er naturleg å fordele stoffet på. I gards- og slektshistoriebøker utgjevne i 1990-åra låg gjennomsnittet på litt i overkant av 30 sider pr. gardsnummer.

Men talet varierer sterkt frå bygdebok til bygdebok. To ytterdøme, som båe er fagleg solide og utgjevne i seinare år, kan vise spennvidda:

  • Hyllestad (Sogn og Fjordane): 10 sider pr. gardsnummer. Verket utgjer to band på til saman 1066 sider, og omhandlar i alt 104 gardsnummer.
  • Valle i Setesdal (Aust-Agder): nær 70 sider pr. gardsnummer. Verket utgjer seks band på til saman 3500 sider, og omfattar 51 gardsnummer.

Ein minimumsfaktor som må takast inn i kalkylen, er bruksdelingsgraden, eller rettare sagt kor mange heimar som må omtalast under kvart gardsnummer. I praksis vil det som oftast gje svært stort utslag kor vidt ein vel å føre fram gards- og slektshistoria til dags dato, og kor vidt ein bestemmer seg for å omtale alle heimar og familiar for seg, også på nye tettstader, bustadfelt osv.

Ein mykje meir tøyeleg faktor er kor fyldig omtale ein skal gje kvar einskild heim, familie og person. Dersom ein nøyer seg med å presentere i tilnærma telegramstil og i rubrikkform harde fakta frå dei mest sentrale kjeldene, kan det gjerast på ganske få sider for kvart gardsnummer/ bruk/ heim. Dersom ein derimot vel å leggje an ein meir forteljande stil og gje kjøt og blod til historia om dei menneska og bustadene ein tek føre seg, finst det knapt grenser for kor mykje stofftilfang ein kan finne.

Gard og slekt fram til dags dato?

Det er fleire ting som talar for at historia om heimane og familiane bør førast fram til dags dato:

  • Oppslagsfunksjonen for slektsgransking og andre føremål blir vesentleg betre.
  • Bygdeboka blir meir relevant også for dei familiane som ikkje har budd så lenge i bygda, og for dei som bur i heimar av relativt ny dato.

Men det kan også reisast rimelege innvendingar, først og fremst følgjande:

  • Datamengda blir for stor til å kunne handterast forsvarleg innafor dei økonomiske rammene ein må operere innanfor.
  • Dess nærare vår tid, dess større er sjansane for at nokon skal føle at publiseringa av personlege data blir for nærgåande, jamvel krenkande.

Når skal ein så i tilfelle setje alternativ sluttstrek?

  • Ein generasjon attende i tid (ca. 30 år)? Dermed unngår ein t.d. å måtte bale med "uetablerte" familietilhøve som kan endre seg i løpet av produksjonstida for bygdeboka.
  • Ved grensa for fritt tilgjenge til personalhistoriske kjelder i arkiva? Det gjeld mellom anna folketeljingar, kyrkje-og klokkarbøker, som er sperra for innsyn i høvesvis 100, 80 og 60 år. Valet av eit slikt slutttidspunkt har arbeidssparande fordelar, og personvernomsyna blir også mykje lettare å takle.
  • Tidspunkt for store endringar i det lokale busetjingsmønsteret? Det kan vere tettstaddanning, etablering av store bustadfelt og ekstra stor innflytting. Ei slik grense vil vere svært arbeidssparande.

I alle desse tilfella oppstår spørsmålet om korleis ein skal behandle data for personar som har levd både før og etter at sluttstreken er sett i bygdeboka. Eit par rettesnorer kan vere:

  • Ein nemner alle personar som budde i bygda før sluttidspunktet, og tek med alle relevante opplysningar om dei, også livshendingar som skjedde etter sluttidspunktet.
  • Ein tek med alle barn i parforhold som var etablerte innan sluttidspunktet, sjølv om eit eller fleire av borna er fødde etter den tid.

Generell historie - kva omfang skal den ha og kva tidsrom skal dekkjast?

Like så lite som for historieskriving generelt kan ein for lokalhistoria gje allmenngyldige reglar for korleis ein best skal dele inn historia i periodar, eller kor grundig og omfattande framstillinga skal vere. Det må vere forfattaren (med evt. fagleg støtteapparat) som nærare bestemmer periodisering og prioritering av stoff og tilnærmingsmåtar innan dei rammene som oppdragsgjevaren har sett.

Desse rammene gjeld først og fremst

  • kva historiske tidsrom ein vil at bygdebokverket skal dekkje. (NB! Her kan spørsmål om kulturpolitiske signal dukke opp på tilsvarande vis som ved val av sjanger. Skal den nære fortid behandlast, t.d. med alle dei konflikter som framleis levande aktørar har vore involverte i? Kor ømtåleg er okkupasjonshistoria i bygda?... osv.)
  • kor stort omfang verket skal ha (kor mange band? Sidetal?)
  • kva økonomiske og arbeidsmessige vilkår ein kan tilby forfattaren/forfattarane

Nedanfor følgjer nokre døme som kan vise variasjonsbreidda i periodisering og omfang av allmenne bygde- og byhistorieverk. Alle gjeld verk som held godt fagleg mål.

  • Asker og Bærum (Akershus), 3 band, dvs. 1 fellesband frå dei eldste tider til 1840 (415 sider) 1 band for kvar av bygdene 1840-1980 (382 og 403 sider)
  • Oslo, 5 band
  1. ca 1000-1536 (475 sider)
  2. 1536-1814 (492 sider)
  3. 1814-1900 (560 sider)
  4. 1900-1948 (531 sider)
  5. 1948-ca 1990 (512 sider)
  • Gausdal (Oppland), 6 band:
  1. Istid til år 1000 (135 sider)
  2. 1000-1530 (200 sider)
  3. 1530-1830 (220 sider)
  4. 1830-1914 (234 sider)
  5. 1914-1980 (291 sider)
  6. Arkeologiske undersøkingar, 191 sider)
  • Feda (Vest-Agder), 1 band: Frå dei eldste tider til 1963 (534 sider)
  • Karlsøy (Troms), 4 band:
  1. Steinalder-1700 (562 sider)
  2. 1700-1860 (592 sider)
  3. 1860-1925 (656 sider)
  4. 1925-1985 (330 sider)
  • Vardø (Finnmark) 1850-1950 (2 band, 271 + 286 sider)

Organisering og økonomi

Kven skal stå for utgjevinga?

Kommunen? I Noreg er det som oftast kommunane som organiserer og finansierer større lokalhistoriske bokverk. Initiativet kjem gjerne frå det lokale historielaget eller andre private entusiastar, kanskje i nær kontakt med den kommunale kulturetaten som ser dette som eit kulturtiltak som er verd ei politisk prøving.

Historielaget? I nokre få tilfelle har historielag mobilisert ressursar nok til å ta utgjevaransvar for store prosjekt. Aktuelle døme er Ringsaker i Hedmark og Hurum i Buskerud.

Forlag? Det har også vore utgjeve slike bokverk på kommersielle forlag, slik som Asker og Bærum i 1980-åra, dei store byhistoriene (Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø) i 1980- og -90-åra. Men i desse tilfella har det likevel vore kommunane som har lønna forfattarane.

Bygdebok som stifting? Ein aktuell måte å organisere utgjevaransvaret på er å skipe til ei stifting med eit tilstrekkeleg grunnfond, gjerne med kommunen som ein tung deltakar. Døme på slike er Inderøy (Nord-Trøndelag), Sula (Møre og Romsdal) og Strilesoga (deltaking frå involverte kommunar i Nord- og Midhordland og frå Hordaland fylke). Stiftingar er regulert etter Lov om stiftelser av 15.06.2001 nr. 59. Nærare opplysningar om stiftingar som organisasjonsform kan ein få i Samfunnsboka. Jf. elles Arnfinn Kjellands artikkel Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie?

Korleis kjem ein i gang?

I dømet nedanfor har vi gått ut frå at det er kommunen som er utgjevar, men mykje av framgangsmåten blir tilsvarande for andre utgjevarar. Ein føremålstenleg saksgang kan da vere om lag slik:

  1. Initiativtakaren (historielaget? kulturetaten?...) lagar eit grunngjeve forslag til kommunestyret. Det bør innehalde framlegg til sjanger, omtrentleg omfang og periode for bygdeboka.
  2. Kommunen fattar intensjonsvedtak og oppnemner ei boknemnd. Det vil vere ein føremon om det blir løyvd midlar til eit forprosjekt på t.d. 1-2 månadsverk.
  3. Nærare plan for arbeidet blir utarbeidd, anten av boknemnda, eller evt. som forprosjekt. Eit slikt forprosjekt kan gjennomførast av ein kompetent enkeltperson (historikar/ bygdebokforfattar?) eller ei arbeidsgruppe som inkluderer ein slik fagperson. Det bør avklarast på førehand om vedkomande fagperson er interessert i, evt. om han/ho skal ha fortrinnsrett til å ta på seg sjølve bygdebokarbeidet.
  4. Kommunen fattar vedtak på grunnlag av framlagd plan eller forprosjektrapport. Boknemnda held fram som prosjektleiar i samsvar med sitt mandat.

Kva skal eit forprosjekt innehalde?

Ein forprosjektrapport bør innehalde minst følgjande moment:

1. Forslag til evt. inndeling i enkeltband.

  • For generell historie: kronologisk inndeling, evt. fordeling av enkeltartiklar.
  • For gards- og slektshistorie: geografisk inndeling.

2. Disposisjon.

  • For generell historie: dersom påtenkt forfattar er med på forprosjektet, bør ein forvente ein godt gjennomarbeidd disposisjon. I motsett fall blir dette punktet meir identisk med pkt. 1 ovanfor.
  • For gards- og slektshistorie: ei skisse til oppsett for eit gardsnummer. Kor gjennomarbeidd og fastlåst dette mønsteret skal vere, må også gjerast avhengig av om påtenkt forfattar er involvert eller ikkje.

3. Litteratur- og kjeldeplan.

A. Oversyn over:
  • Føreliggjande litteratur om området (derunder aviser og artikkelstoff).
  • Arkivmateriale i offentlege institusjonar og hjå private. Lokal dekningsgrad i viktige kjeldeseriar bør konstaterast. Kor mykje er evt. registrert, avskrive, elektronisk behandla?
  • Kulturminne (faste kulturminne og gjenstandsmateriale). Føreliggjande registreringsrapportar/katalogar frå museum og andre instansar etc. bør innhentast.
  • Biletsamlingar.
  • Kartmateriale.
  • Andre registreringar og samlingar (stadnamn, tradisjonsmateriale m.m.)
B. Innsamlingsstrategi. Forslag til kopiering, registrering og innsamling, med særleg vekt på slikt som kan gjerast uavhengig av forfattar. (Jf. punktet om dugnadsoppgåver.)

4. Tekniske hjelpemiddel. IT-verktøy. Skanner. Fotoutsyr. Leseapparat. Opptaksutsyr for intervju.

5. lllustrasjonsplan.

  • Utgreiing om kva typar kart, skisser, diagram, og andre "tekniske" illustrasjonar som trengst, og korleis slikt kan skaffast til vegar.
  • Vurdering av behovet for illustrasjonsteikningar elles og ny fotografering (jf. fotosamlingar under kjeldeplanen ovanfor). NB! Det faktiske utvalet av illustrasjonar må kome undervegs i sjølve bygdebokarbeidet, evt. under leiing av ein biletredaktør.

6. Forfattar og medhjelparar.

Forprosjektet bør uttale seg om ønskelege kvalifikasjonar hjå forfattar(ar) til dei einskilde delar av verket, og om behovet for medhjelparar og faglege konsulenttenester.

7. Finansieringsplan og budsjett.

Forprosjektet må utarbeide ein mest mogleg realistisk finansieringsplan (offentlege fullfinansiering? sponsorar?...) og setje opp budsjettforslag.

8.Framdriftsplan og prosjektorganisering. ◦Stipulere samla tidsbruk for prosjektet og setje opp ein plan med delmål undervegs.

  • Fastsetje arbeidsfordeling og ansvarsforhold mellom boknemnd, forfattar(ar), redaktør, biletredaktør.
  • Fastsetje rapporteringsrutinar.


9.Marknadsføring. Framlegg til distribusjons- og salsstrategi.

Les vidare om forprosjekt.

Kven skal sitje i boknemnda og kva oppgåver har ho?

Boknemnda skal fungere som ei effektiv planleggings- og styringsgruppe for prosjektet. Da bør ho ikkje vere for stor. Kanskje kan det greie seg med 4-5 personar.

Dei som sit i bygdeboknemnda bør til saman dekke iallfall følgjande meir eller mindre obligatoriske kvalifikasjonar og eigenskapar:

  1. For kommunale prosjekt:): Politisk/administrativt ansvar, dvs. ein kommunal representant, t.d. frå kulturetaten.
  2. Kompetanse på økonomistyring og prosjektleiing.
  3. Lokalkunnskap og god kontakt med historielag og andre interesserte lokale miljø.
  4. Lokal)historisk fagkunnskap.
  5. Innsikt i formidling, derunder språk og framstillingsform.
  6. Innsikt i bokproduksjon

Dei tre første punkta er nærast å sjå som ufråvikelege krav. Punkt 4-6 er sterkt ønskjelege, men den kompetansen kan ofte med gode resultat skaffast som konsulenthjelp utanfrå: NLI, norsklærarar, journalistar, faghistorikarar ved universitet og høgskolar, grafiske verksemder osv.

To eller fleire av dei seks punkta vil naturleg kunne vere representert i ein og same person, til dømes nr 1 og 2. Det er nokså vanleg at ein representant for kulturetaten i kommunen fungerer som sekretær for nemnda. Somme stader har ein vilja sikre politisk ryggdekning ved å ha med politisk oppnemnde medlemmer. Faren er da at nemnda kan bli tungrodd. Dei politiske overvegingane bør kanskje heller overlatast til kulturetaten og i siste instans kommunestyret.

Kva skal så boknemnda konkret ha til oppgåver? Det vil vere noko avhengig av kor vidt det føreligg forprosjekt, og kva som er avklara i og med det. NLI har utforma eit forslag til instruks, som innber at boknemnda får ansvaret for ein del planleggingsoppgåver som elles kan inngå i forprosjektet: Instruks for bygdeboknemnd

  1. Boknemnda skal utarbeide faglig og økonomisk plan for bokverket, inkludert framdriftsplan.
  2. I samarbeid med kulturetaten i kommunen skal nemnda forestå utlysning av forfatteroppdraget og skal avgi innstilling om søkerne.
  3. Nemnda skal i samråd med kulturetaten og i dialog med den forfatteren man vil engasjere utarbeide skriftlig kontrakt for oppdraget.
  4. Nemnda skal holde kontakt med forfatteren gjennom regelmessige møter, skal bistå ham/henne i arbeidet på de måter man blir enige om, lese alle manuskripter som legges fram og avgi uttalelser om dem, eventuelt utpeke også andre konsulenter.
  5. Nemnda skal årlig - innen en viss dato, tilpasset budsjettrutinene i kommunen - legge fram for kommunen regnskap og arbeidsrapport, sammen med budsjettforslag og arbeidsplan for neste budsjettperiode.
  6. Nemnda skal administrere kontakten med trykkeri, ha det endelige ansvaret fra oppdragssiden for bokutforming og trykningsspesifikasjoner, og skal fastsette opplaget.
  7. Nemnda skal planlegge og gjennomføre et adekvat markedsførings- og salgsopplegg for boka eller bokverket.
  8. Nemnda har ansvaret for at kildemateriale som er anskaffet for bygdebokprosjektets regning blir tatt vare på og gjort tilgjengelig for lokale brukere når bygdebokarbeidet er fullført.

Kor lang tid tek det å skrive bygdebok?

Gards- og slektshistorie

For bygdeboknemnder heilt i startfasen har NLI brukt ein tommelfingerregel på tre år pr. band. Det har da samstundes vore understreka at ein alltid må rekne med monaleg lengre tidsbruk på det første (evt. det einaste) bandet. Ein må nemleg gjere mykje av kjeldearbeidet (t.d. registrering av kyrkjebøkene) på ein gong for heile bygda. Det gjeld mellom anna for å få med dei mange nødvendige krysstilvisingane til heimar og personar som først kjem med i seinare band. Der bygdebokverket består av fire-fem eller enda fleire band, vil gjennomsnittstida til vanleg liggje under tre år, så sant arbeidet er profesjonelt og rasjonelt gjennomført.

NB! Tommelfingerregelen kan sjølvsagt ikkje nyttast i staden for ein nøye gjennomtenkt framdriftsplan i eit forprosjekt el.l.

Av faktorar som spelar inn, og som gjer allmenngyldig tidsnormering av gards- og slektshistorie temmeleg uråd, kan nemnast:

  • Ambisjonsnivået hjå forfattar og oppdragsgjevar.
  • Det kan lagast korte framstillingar med "tørre" data for personar og heimar ut frå dei mest sentrale kjeldeseriane, og det kan lagast breie kulturhistoriske framstillingar av kvar grend, gard og heim og forteljast om livslaupet for eit stort tal personar ut frå eit kjeldetilfang som er praktisk tala utømmeleg.
  • I praksis vil det ha mykje å seie om ein skal føre data for heimar og personar fram til dags dato eller om ein vel å setje stopp ein generasjon eller lengre attende (sjå drøfting av dette).
  • Eit anna avgjerande punkt er kor vidt ein har ambisjonar om å følgje familiar frå bygda også etter utflytting, t.d. etter emigrasjon.
  • Talet på heimar som skal omtalast under kvar gard (bruksdelingskvotient) og dermed kor mange familiar som skal rekonstruerast, gitt at ambisjonsnivået er fastlagt.
  • Kjeldesituasjonen, derunder:
  • Kor fullstendige og lett tilgjengelege er dei vanlegaste kjeldeseriane?
  • Kor mykje forarbeid er gjort med innsamling og bearbeiding, og kor brukbart er det?
  • Kva kan ein vente seg av meir eller mindre kvalifisert dugnadsinnsats undervegs?
  • Bruk av IT-verktøy til kjelderegistrering og til lenking og kopling av personar og heimar gjer arbeidet meir rasjonelt, sikrare og snøggare. Men det skruvar samstundes opp forventningane og utvegane til fullstendig registrering, slik at den faktiske tida som går med, ikkje alltid treng bli mindre.
  • Kvalifikasjonar, dugleik og arbeidsmåtar hjå forfattar og medarbeidarar.

Forfattarar og medhjelparar

Kven skal vere forfattar, og kva er rimeleg løn?

Amatør eller profesjonell?

Dersom gards- og slektshistoria eller den generelle by- eller bygdehistoria skal skrivast ved hjelp av forfattar(ar) på ordinære løns- og arbeidsvilkår, er det ikkje tilrådeleg å overlate arbeidet til nokon som ikkje kan dokumentere kompetanse på historiefagleg og formidlingsmessig profesjonelt nivå.
Det kan stille seg annleis med bøker (t.d. artikkelsamlingar) der sjølve føremålet er at forfattaren/forfattarane skal bidra ut frå sine eigne spesielle (ikkje-historiefaglege) føresetnader. Det kan vere ein pensjonert skulesjef som skriv om si tid i stillinga, ein god forteljar som gjengir tradisjonsmateriale frå staden, ein journalist som lagar intervju med eller reportasjar og artiklar om folk som har levd og verka i byen eller bygda, eller det kan vere folk som sjølve skriv ned sine minne og livsskildringar osv. osv. Dette kan bli særs leseverdig og verdifullt stoff, og vil også kunne fange stor interesse hjå publikum.
Men skulesjefkompetanse, forteljarevne og store kunnskapar på ulike spesialfelt gjev ikkje i seg sjølv kompetanse til å skrive historie, om ein erkjenner at dette stiller visse fagspesifikke krav til kunnskap, innsikt og ferdigheiter.

"Innfødd" eller "utanforståande" forfattar?

Førehandskjennskap til byen, bygda og lokalbefolkninga kan vere arbeidssparande og har mange andre praktiske føremonar. Det kan også føre med seg særlege innsikter (til dømes av mentalitetshistorisk art) som ein utanforståande berre vanskeleg kan få del i.
Slik lokalkunnskap bør likevel neppe rangerast føre dei faglege og formidlingsmessige kvalifikasjonane. Ein fagleg kvalifisert forfattar vil etter måten raskt kunne tileigne seg den nødvendige lokalkunnskapen og for øvrig trekkje vekslar på bygdeboknemnda og andre lokale krefter i så måte. Eit blikk utanfrå vil også kunne tenkjast å ha særlege kvalitetar som kan stillast på linje med, men altså vere kvalitativt annleis enn den innføddes innsikt innanfrå. Evna til å tileigne seg den lokalkunnskapen og lokalkjensla ein ikkje måtte ha på førehand, er i alle høve ein del av kvalifikasjonskravet til ein god bygdebokforfattar.

Faglege og formidlingsmessige kvalifikasjonskrav

Ulike sjangrar og ulike historiske epokar stiller ulike krav til forfattaren. Men både gards- og slektshistorie, generell bygde- by- og regionshistorie og kvalifisert sektorhistorie er i alle tilfelle fagleg og framstillingsmessig kompliserte føretak som krev svært mangfelte kvalifikasjonar. Kanskje meir enn innan dei fleste andre historiske spesialdisiplinar krevst også tverrfaglege tilnærmingar til stoffet (med eit mogleg atterhald for sektorhistorie). For alle sjangrar gjeld generelt følgjande krav til utøvarane:
  • Historiefagleg kompetanse, som m.a. inneber: ◦Historisk realkunnskap innan det saksfeltet eller den historiske perioden som skal omhandlast, på førehand og ut over den kunnskapsproduksjonen som skal bli resultat av det aktuelle lokalhistoriske prosjektet. Dette er ein føresetnad m.a. for å kunne fokusere på relevante og interessevekkjande tema og problemstillingar.
  • Til det siste, og som nødvendig grunnlag for heile forskingsprosessen, krevst sakkunne innan historisk teori og metode.
  • Ein viktig del av den historiske metodelæra er kjeldekunnskapen. Det omfattar blant mykje anna finneteknikk (arkivkunnskap m.m.), kjeldetolking og -kritikk og ulike teknikkar for behandling av store og ueinsarta datamengder. Kjeldematerialet til ei god og allsidig lokalhistorie omfattar alt frå trykte og utrykte skriftstykke til bygningar, kulturlandskap, reiskapar og anna gjenstandsmateriale, biletlege framstillingar, tradisjonsstoff og munnlege kjelder. For periodar før 1900-talet krevst spesialkunnskap i handskrifttyding, for mellomalder norrøn språkkunnskap, for både mellomalder og førhistorisk tid arkeologisk kompetanse, osv.

Formidlingsevne og "lokalkjensle"

Innhaldet i bygdeboka skal ikkje berre halde mål reint historiefagleg. Det skal også fenge og vere lett tilgjengeleg for eit publikum utan særskild historiefagleg kompetanse, og som kanskje i utgangspunktet er meir lokalt enn historiefagleg interessert. Forfattaren må derfor evne å popularisere stoffet, noko som mellom anna inneber:
  • å vere sjanger- og målgruppeorientert, dvs. makte å gjere det som er historiefagleg interessant også lokalt relevant og fengande for det lokale publikum
  • å kunne meistre eit lettforståeleg, ikkje reint fagspesifikt språk.::*å kunne skape spenningsskapande element i komposisjon og innhaldselement
  • å ha sans for forholdet mellom tekst og illustrasjon

Krav til utdanning

Den historiefaglege kompetansen er som regel best sikra med relevant fagutdanning, dvs. historie hovudfag/mastergrad eller tilsvarande. "Tilsvarande" vil vere same kompetansenivå innan tilgrensande fag som arkeologi, etnologi, sosialantropologi, sosial-/kulturgeografi m.m. Dei einskilde faga vil vere meir eller mindre relevante alt etter kva periode eller saksfelt som skal dekkjast. Hovudfag/mastergrad må sjåast som eit minimumskrav, og ein kan gjerne søkje etter folk med høgare forskarkomepetanse (doktorgrad).
Formelle kravet til utdanning er sjølvsagt ikkje absolutt, dersom det kan dokumenterast at ovannemnde typar realkompetanse er tileigna på annan måte.

Kva er arbeids- og ansvarsfordelinga mellom boknemnd, forfattar og redaktør? [ opp ]

Boknemnda

skal organisere og leie det totale bygdebokprosjektet. Sjå nærare drøfting av boknemnda sine oppgåver.

Forfattaren

  • har det faglege ansvaret for innhaldet i boka, ikkje berre brødteksten, men bilettekster, rammetekster, margopplysningar osv..
  • har også, saman med utgjevaren, det etiske ansvaret for innhaldet, t.d. med omsyn til personvernet:*har ansvaret for kva kjeldemateriale som blir nytta og måten det blir nytta på som grunnlag for framstillinga, innan dei praktiske rammer som prosjektet opererer innanfor. Forfattaransvaret gjeld uavhengig av om forfattaren har hatt hjelp av andre til innsamling og bearbeiding av kjeldene
  • har ansvaret for den språklege forma hans framstilling får, innan rammene av dei avtalar som måtte liggje føre om målform, rettskrivingsnormer o.l.
  • bør ha siste ord i utvalet av illustrasjonar til teksten

Redaktøren

syr saman dei ulike tekstlege elementa i verket og får dei i ønskeleg grad til å høve i hop språkleg og med omsyn til andre punkt som nemnest i det følgjande
gjev råd om
  • kapittelinndeling, overskrifter og andre framstillingsmessige finessar som ingressar, oppsummeringar og overgangar
  • passar vitskapleg utstyr (fotnotar/kjeldetilvisingar, litteratur- og kjeldelister, register m.m.)
  • språkvask og korrektur (utan at det nødvendigvis ligg til redaktøren å utføre dette arbeidet eigenhendig)
syter for at alle element (tittelblad, kolofonside, ISBN-nummer, innhaldsliste, brødtekst, litteratur- og kjeldeliste, register, tekst på smussomslag, etc.) er på plass og i rett rekkjefølgje
følgjer spesielt nøye opp i samarbeidet med grafisk formgjevar og trykkeri

Biletredaktøren •foreslår og skaffar fram bilete og andre illustrasjonar (til endeleg utval ved forfattar) •avklarar rettar knytta til gjengiving og syter for å skaffe dei nødvendige løyve •skaffar dei nødvendige opplysningar om opphavsmann/rettshavar, og andre data knytta til opphav og innhald av illustrasjonen •syter for adekvat kjeldetilvising •foreslår bilettekst (til endeleg godkjenning av forfattar) •lagar dei nødvendige lister og avmerkingar i manus der illustrasjonane skal inn

NB!

Langt frå alle bygdebøker held seg med eigne redaktørar eller biletredaktørar. Ofte kan boknemnda eller forfattaren (ein av forfattarane) ta seg av dei aktuelle funksjonane. Det er i alle høve viktig som del av planlegginga og organiseringa at dei ulike funksjonane er ansvarsplasserte.

Redaktørfunksjonane er aller viktigast i dei tilfelle ein har å gjere med fleire forfattarar til eitt og same verk.

Når det er ein eigen redaktør i tillegg til forfattaren (forfattarane), må ein vere ekstra nøye med å avklare på førehand fordelinga av ansvar og rettar mellom dei, jf. drøftinga av opphavsrettslege spørsmål. Særleg i samband med gards- og slektshistorie kan grensene vere vanskelege å trekkje opp mellom forfattar(ar), redaktør og eventuelle andre medarbeidarar. Innsamling av stoff, bearbeiding av kjeldematerialet, redigering og forfattarskap går her nokså mykje over i kvarandre, og mange operasjonar får eit kollektivt preg.


Kan noko gjerast på dugnadsbasis? [ opp ]

> Liste over arbeidsoppgåver > Innsamling og registrering av fotografi > Registrering av kyrkjebøker og anna skriftleg kjeldemateriale > Spørjeskjema og spørjelister > Intervju > Avisklipp og litteraturindeks

Liste over arbeidsoppgåver

I publikasjonen  Historielagenes oppgaver har Rolf Fladby sett opp ei fyldig liste over høvelege arbeidsoppgåver for eit lokalt historielag. Mange av desse tiltaka, særleg under punkt A (Vern, innsamling og bevaring) og D (Registrering av historiske minner), er slikt som alle bygdebokprosjekt vil kunne ha stor nytte av. Det meste kan gjerast av folk utan spesialkompetanse, berre med ei viss rettleiing frå bygdebokforfattaren eller andre sakkunnige. Andre oppgåver krev noko meir omfattande opplæring i form av kurs og spesialinstruksjon, men kan likevel godt kan gjerast på frivillig basis av innsatsvillige amatørar.

Vi viser til Fladbys lister, men vil her spesielt framheve og utdjupe einskilde punkt, og dessutan omtale eit par ting som ikkje er eksplisitt nemnde av Fladby:

Innsamling og registrering av fotografi

Det er vel å merke ikkje utvalet av bilete til den endelege bygdeboka som skal gjerast på dugnadsbasis. Det er heller oppsporing, kopiering, systematisering og registrering av lokalt relevante fotografi som forfattaren kan ha nytte av som kjeldemateriale, og som forfattar og evt. biletredaktør kan hente illustrasjonsmateriale frå når den tid kjem.

ABM-Utvikling/Fotosekretariatet er ein sentral faginstans som gjev råd om innsamling, registrering og oppbevaring av fotografi, og som er med og utviklar nasjonale standardar for registrerings- og klassifikasjonssystem.

Sjå også oversyn over digitalt tilgjengelege biletsamlingar.

Registrering av kyrkjebøker og anna skriftleg kjeldemateriale

Spesielt for gards- og slektshistorieprosjekt vil det svare seg å digitalisere kyrkjebøkene så fullstendig som råd er. Dette er tidkrevjande, og bør gjerast etter anerkjente metodar og standardar. Ein god måte å få dette til på, er å kontakte DIS-Norge, som har ei samarbeidsavtale med Riksarkivaren om nettopp dette tiltaket. Du finn alle nødvendige opplysningar her: Rettleiing i kjelderegistrering

Også mange andre kjeldeseriar kan det vere aktuelt å registrere på dugnad. Det gjeld særleg kjelder som innheld store mengder person- og eigedomsdata. I våre dagar bør ein gjere dette digitalt. Landslaget for lokalhistorie er pr. juli 2003 inne i førebuande forhandlingar med Riksarkivaren om ei avtale om digitalisering av kjeldemateriale etter liknande retningslinjer som DIS-Norges kyrkjebokprosjekt.

Av uvurderleg verdi i slikt arbeid er Håndbok i registrering og bruk av historiske persondata, av Gunnar Thorvaldsen (Oslo, 1996). Vi viser elles til nettstaden til Registreringssentralen for historiske data (RHD) ved Universitetet i Tromsø.

Det vil også vere nyttig å slå opp på følgjande: Kva dataverktøy skal ein velje til gards- og slektshistoria?

Spørjeskjema og spørjelister

A) For nyare gards- og slektshistorie

Kyrkjebøker, folketeljingar og mykje anna personal- og eigedomshistorisk materiale er sperra for vanleg innsyn for dei siste 60-100 åra. Derfor er ein avhengig av å innhente opplysningar til gards- og slektshistorie på annan måte. Den beste måten er spørjeskjema til dei einskilde familiane. Denne måten gjer også at ein sikrar seg nødvendig samtykke frå dei spurde til å publisere opplysningane.

Ei vellykka spørjeskjemaundersøkjing er avhengig av tett oppfølgjing. Det er vanleg å skipe grendekorps av frivillige som følgjer opp dei einskilde familiane, kanskje ved at ein går frå dør til dør og hjelper til med utfyllinga, evt. mottek melding om at vedkomande ikkje ønskjer å vere med.

Døme på spørjelister til gards- og slektshistorie finn du her: •Spørreliste om gardshistorisk tradisjonsstoff. •Spørjeliste for Fjelberg i Hordaland (ved Andreas Ropeid, publisert av NLI) •Spørreliste for innsamling av gårdshistorisk stoff i Nordland og Troms (ved Trygve Lysaker, publisert av NLI)


Spørjeskjema/-lister til gards- og slektshistorie treng ikkje (og bør ikkje) innehalde spørsmål som gjeld sensitive personopplysningar. Dermed krevst ikkje konsesjon for å gjennomføre slike undersøkjingar. Men dersom opplysningane skal behandlast elektronisk, må ein gje melding til Datatilsynet.

B) For andre formål

Spørjelister er nyttige også til andre typar lokalhistorie enn gards- og slektshistorie. Det finst ei mengd variantar av slike. Nokre finn du inngang til her (jf. også spørjelister til gards- og slektshistoria) : • Spørreliste om den nyeste tids historie (NLI) •Spørjelister frå Norsk etnologisk gransking (NEG)

Intervju

For nyaste tids lokalhistorie (dei siste 50-100 åra) spelar munnlege kjelder ei viktig rolle. Å få til gode og veleigna intervju er ikkje enkelt, og ein bygdebokforfattar bør i størst mogleg utstrekning sjølv ta hand om dette. Men han/ho kan også ha stor hjelp av eit frivillig korps av intervjuarar, dersom desse får god rettleiing og opplæring. Det er lettast å få til god amatørhjelp til 

•temaintervju der ein stiller spørsmål om eitt bestemt emne. Det dreiar seg om ting som intervjuobjektet sjølv har opplevd eller vore nær tilskodar til, eller av andre grunnar har spesialkunnskapar om. Det kan gjelde hendingar som "da krigen kom til bygda", "streiken den gongen" eller "vekkelsesbølgja i bygda", eller slikt som arbeidsteknikkar, foreiningsverksemd, matskikkar osv. osv. Ved temaintervju kan ein godt nytte standardiserte spørjelister, og det er ein føremon å intervjue flest mogleg personar om eitt og same emne.

•Livsløpsintervju går ut på at ein spør intervjuobjektet ut om barndom og oppvekst, utdanning, yrkes- og familieliv m.m., helst frå første barndomsminne fram til dags dato.


Både livsløpsintervjua og enkelte typar temaintervju kan kome til å innehalde sensitive personopplysningar. Dei viktigaste forholdsreglane ein bør ta, kan oppsummerast slik: •Informantane (dei som blir intervjua) må orienterast ordentleg om føremålet med intervjuet • Informantane må gje uttrykkeleg samtykke til bruk av intervjuet, evt. med nærare bestemte atterhald (skriv intervjukontrakt) •Intervjuarane må underteikne fråsegn om teieplikt •Det må sytast for forsvarleg arkivering og oppbevaring av intervjua •Bruken av materialet må vere tilgangsregulert.

Sjå nærare om slike spørsmål under drøftinga av Kva omsyn må takast til personvernet?

Litteraturindeks og avisklipp

Eit så fullstendig oversyn som mogleg over smått og stort som er skrive og trykt om den aktuelle staden er svært viktig for ein bygdebokforfattar. Også dette kan eigne seg til dugnadsinnsats, da i nært samarbeid med og under rettleiing av det lokale folkebiblioteket. Dugnadsinnsatsen vil mest gå ut på å bla gjennom alle aktuelle årbøker og andre periodika osv. og registrere kvar enkelt artikkel i eit eigna system.

Særleg nyttig blir dette dersom ein har høve til å skanne materialet og leggje det i databasar og kanskje gjere det tilgjengeleg på Internett (med atterhald om dei nødvendige løyve frå opphavsmenn). I alle høve bør ein gjere registreringa elektronisk (i eit databaseprogram). Det gjev utveg til å lenke dei einskilde tekstbitane (og evt. biletmateriale) til personar og stader som skal figurere i bygdeboka. Vi er da inne på det som Arnfinn Kjelland omtalar som ein lokalhistorisk litteraturindeks: "ein systematisk gjennomgang av utgjeve litteratur og oppbygging av indeks knytt til einskildpersonar, gardar/lokalitetar og evt. tema; ein slik indeks kan òg omfatte aviser". Sjå artikkelen Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie.

Via folkebiblioteket kan ein låne inn mikrofilm av dei aktuelle lokal-/regionalaviser så langt attende som dei finst. Eit leseapparat med kopieringsinnretning gjer det greit å gjennomgå filmane og plukke ut stoff som vedkjem den aktuelle byen eller bygda. Kopiane bør samlast i permer i kronologisk rekkjefølgje. Ein må vere påpasseleg med å føre på dato og avis på kvar enkelt kopi.