Tor Esaissen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tor Esaissen med sjølvportrett i tre og piggtråd i Galleri Krysset i Sørvågen.
Foto: Olve Utne

Tor Esaissen (f. 30. november 1936 i Trondheim) er ein bildekunstnar som i mange år har budd og arbeidd i Lofoten — sidan 1994 i sitt eige atelier og galleri, Galleri Krysset i Sørvågen i Moskenes kommune.

Utdaning

Tor Esaissen begynte studia ved Kunstskolen i Trondheim i 1951 og fortsette ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, Statens Kunstakademi, Det Kgl. Danske Kunstakademi i København, og endelig ved Académie des Beaux-Arts i Paris i studieåret 1959/60.

Tor Esaissen mellom somme av måleria sine i Galleri Krysset.
Foto: Olve Utne (1994).

Arbeid

Frå 1960 til 1971 arbeidde Tor Esaissen i heimbyen Trondheim; først ved Katedralskolen, og seinare ved Charlottenlund realskole/ungdomsskole og Dronning Mauds Minne. I eit tiår frå midten av 1970-åra budde han i Oslo, og i 1986 flytta han til Svolvær, og vidare til Sørvågen i 1992. I Lofoten har han bl.a. undervist ved Barnekunstskolen i Stamsund. Tillitsverv inkluderer Lofoten Kunstforum (formann) og Nord-Norske Bildende Kunstnere (formann).

Våren 2010 heldt han kunstutstillinga «Nei til oljeboring» i Galleri Krysset. Utstillinga vart opna laurdagen den 24. april og varte nokre veker fram mot turistsesongen.

Kjelder

Lenkjer