Monument
Eit monument eller eit minnesmerke er i daglegtalen ein struktur eller skulpltur som er laga for å minne betraktaren om nokon eller nokre, ei defienrt tid eller ein spesiell epoke, hending eller liknande. Slike monument vart det bygd særs mange av frå tidleg 1800-tal og utover, då nasjonale fellesskap vart bygd på det å minnest ei storlt fortid. Monument er og nytta i lokalsamfunn for å dyrke eit lokalt fellesskap i seg sjølv, eller for å plassere det lokale inn i ein nasjonal kontekst. I Noreg er lokale bidrag i store hendingar som Eidsvollforsamlinga og krigar særleg vanleg.
Andre definasjonar
Innan kunsthistoria har ein gjerne ein noko breiare definisjon, der monument syner til ein menneskeskapt gjenstand av ein viss storleik.
Arkeologane har ein enno breiare definisjon: ein menneskeskap gjenstand av arkeologisk interesse. Dermed vil alt frå ein mynt til pyramidane vere momument i arkeologien.