Universitetet i Stavanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Universitetet i Stavanger vart skipa den 29. oktober 2004, då Høgskolen i Stavanger fekk status som universitet. Den formelle opninga var den 17. januar 2005, ved kong Harald V. UiS vart då det femte universitetet i Noreg. Hovudområdet ligg på Ullandhaug i Stavanger, men eitt fakultet held til på Bjergsted. I 2023 var det drygt 12 000 studentar og 1926 tilsette, fordelt på seks fakultet.

Historie

UiS sin historie går attende til 1969, då Rogaland distriktshøgsskole vart skipa. I 1975 flytta det til Ullandhaug. Distriktshøgskolen vart i 1986 slått saman med Stavanger ingeniørhøgskole, og vart til Høgskolesenteret i Rogaland.

I 1994 fusjonerte seks statlege og ein privat høgskole til Høgskolen i Stavanger (HiS). Dette var:

HiS fatta i 2000 eit vedtak om å verte eit universitet i løpet av dei neste fire åra. Eit krav er å ha fire program for doktorgradar. To var på plass, og i juni 2003 kom dei to neste. Søknad vart sendt inn, og etter kvart vart den godkjend av Kongen i statsråd.

Struktur

UiS har seks fakultet, de fleste med fleire insitutt under seg:

  • Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora.
  • Det samfunnsvitenskapelige fakultet.
  • Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet.
  • Fakultet for utøvende kunstfag.
  • Handelshøgskolen ved UiS.
  • Det helsevitenskapelige fakultet.

I tillegg ligg Arkeologisk museum i Stavanger under UiS.

Kjelder og litteratur