Bruker:Birger Lindanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein kvist på Quisttreet

Eg er født på Tjelta i Sola i 1947 og blei døypt i Rege kapell same året. På mor mi si side skal eg stamma frå dei såkalla Quistane. Stamfar på den sida skal vera ein kar frå Torland i Hå som var sersjant i det militære og då fekk etternamnet Quist. Ein av etterkomaren budde på Voll i Klepp. Han blei gift til Sola og sonen hans att, Bertel Kristian, blei gift med Berta Kristina, dotter til Halvard Tjelta. Dei fekk då garden Høgeholen på Tjelta. Slik hugsar eg i farten, men dette må sjekkast opp mot relevante kjelder. Dei fekk sidan dottera Konstanse som sidan blei gift med Bertel Andreas Hansen Rege i Holarhaien. Dei fekk fire born. Den nest yngste var Berta Kristina som er mor mi. Eg skulle vel eigentleg fått namnet Bertel Kristian. I staden bruka foreldra mine alliterasjon slik at eg fekk namnet Klarens Birger.

== Kjelder: ==

aftenbladet