Bruker:Nseland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg er fødd i 1946 og kjem frå Flekkefjord kommune. Yrkesutdanninga mi har eg frå landbruket, men eg har heile livet vore engasjert i kulturarbeid – og særleg då via Noregs Ungdomslag (NU) og Landslaget for Spelemenn (Nå FolkOrg). Sist på 1970-talet var eg medlem av styret i Noregs Ungdomslag – og tre av dei åra var eg formann. Av alt som NU har stelt med, så synes eg at forretningsdrifta i regi av lokal- og regionlag i organisasjonen har vore eit imponerande kapittel – Bondeheimar og Kaffistover landet rundt. Over ein del år har eg arbeidd med ei bok om denne verksemda «Kaffikoppens kulturelle kraft», som kom ut hausten 2021. Lagshusa i NU var også viktige, lokale kulturarenaer for si tid. Desse har det vore nær 1000 av landet over. Skulle gjerne hatt ei bok om desse husa også – men me får starta arbeidet på lokalhistoriewiki.