Bruker:Tingvatn fornminnepark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tingvatn fornminnepark opna dørane for publikum den 23. juni 2011. Området kor besøkssenteret ligg i dag blei nytta av forsvaret fram til 2003. Senteret er eigd av Hægebostad kommune og Vest-Agder fylkeskommune.

Senteret består av kunst- og kulturhistoriske utstillingar, musikksal, kafè, museumsbutikk og turistinformasjon. Kulturskulen har fast ukentleg undervisning, og ei rekkje lag og foreiningar har aktivitetar og arrangement ved senteret heile året. Det årlege Vikingtinget med skuledag i mai er førebels det største einskilde arrangementet på staden. Senteret er oppe til faste tider gjennom heile året, og elles ved konserter, arrangement eller etter avtale.

Tingvatnfeltet i Hægebostad kommune er eit av dei mest fascinerande fornminneområda i Vest-Agder. Det er samstundes eit av dei mest verdifulle. Tinghaugen reknast som Noregs best bevarde tingstad. På den flate monen ligg ein rektangulær og tre runde steinsettingar, og eit titals gravhaugar. Folketradisjonen er rik på forteljingar om fornminna på Tingvatn. Særleg steinsettingane har gjeve opphav til mange segn.