Kjeldearkiv:For presten i 1950

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. okt. 2024 kl. 08:40 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Legger inn Magnar Høydals personlige minne)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
For presten 1950
Kjeldeinformasjon
Forfattar: Magnar Høydal
Født: 1937
Tema: Konfirmasjonsførebuing, samferdsel
Stad: Høydalen (Volda)
Nedteikna: Oktober 2024
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

«For presten» i 1950 er Magnar Høydal sitt minne frå ungdomsåra.

I 1950 var me to frå Høydalen som skulle gå for presten. Det var Else Marie og eg. Presten var Lars Tjensvoll, han hadde vel oversikt på dei tema han skulle, men rutebåten hadde han inga oversikt på. Dette var før det kom veg til Høydalen så skulle ein ha «fàr» ut på land så var det ikkje så mange alternativ å velje i utanom rutebåten.

Korleis me fekk vita at me skulle møte for presten har eg inga meinig om, kanskje ei melding i Møre. Dag og tid var klart, då var det berre å koma seg dit på rett dag og til rett tid. Dette var ein dag med tørt og fint veir. Farane våre arbeidde på fabrikken i desse åra, så dei møtte opp og sette ut færingen til oss og ein sykkel i framskuten, og ein i bakskuten. Me to ved årane var vel då 14 åringar og me skulle ro til Hjorthaug. Trur at me trengde tre kvarter på roturen vår, me var nok ikkje så kraftige i åretaka.

På Hjorthaug la me truleg til ved steinbryggja. Fekk syklane ut or båten og kom oss opp på vegen. Det var uvant for oss å sykle på så svære veg, sykkelturen til Volda var knapt 10 km, men me kom oss på plass i kyrka, om det var til rett tid veit eg ikkje. For i desse åra fekk ein ikkje klokke før ein var konfirmert.

Når seansen i kyrkja var slutt var det same greia heim att, i omvendt rekkefylje. I ettertid trur eg farane våre hadde teke ein alvorsprat presten, neste gong me skulle til presten fekk me fylja rutebåten. På denne tid var det ikkje noke styr med redningsvest og liknande greier.