Sogndal sogelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sogndal sogelag er eit historielag i Sogndal kommune. Laget vart skipa i 1920 og ga ut årboka Sogndal : heimbygdi vår : emne or soga og samtid i åra 1921-1974 og årboka So han sa frå 2000. Sogelaget har òg gjeve ut tre band av Sogndal bygdebok.
Arbeidet låg nede på 1950- og 1960-talet, men vart starta opp att i 1973. Etter attreisinga var medlemstalet oppe i 700.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Sogndal Sogelag på Digitalt museum.
- Sogndal Sogelag på KulturNav
- Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).