Åmot krins (Jølster)
Aamodt krins er ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsa blei trulig oppretta i 1899, etter at den nye krinsreguleringa frå 1897 vart vedteke. Tidligare hadde borna på Åmot vært underlagt Navnløs (Haugen) krins, som blei nedlagt i 1897.
Skulen i Åmot var to-delt. I perioden 1901-1917 var det i gjennomsnitt 29 elevar kvart år. Men i perioden 1943-1970 var det 21 elevar kvart år i gjennomsnitt. Ein nedgang på 8 elevar.
Åmot krins var i drift fram til 1971. Det hadde i 1970 blitt sendt eit forslag frå skulestyre i Jølster om elevane i Åmot skulle overførast til Skei. Forslaget blei røysta over og fleirtalet var imot. Det blei argumentert at vegen mellom Skei og Åmot var for dårlig. Eit eksempel var at strekningen mellom Åmot og Fonn hadde nylig vore stengd i 14 dagar.
Men berre eit år seinare i 1971, blei det røysta over om Åmot krins skulle fortsette å være ein framtidig skuleskipnad. Fleirtalet meinte at skulen burde opphevast – 8 mot 1. Borna var deretter overført til sentralskulen på Skei.
Skulehus
Det fyrste skulehuset i Åmot blei trulig bygt på 1890-tallet. Dette huset var i bruk fram 1957, då eit nytt skulehus vart bygt. Planlegginga av det nye skulehuset tok lang tid og begynte allereie i 1947. Skulehuset blei etter kvart selt til ein privat eigar. Huset står der fortsatt.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Olsen Viken | Ole | 1848 | Åmot | 1904 | 191? | Balestrand 1868 | Usikkert når Viken slutta |
Flatjord | Jonas | 1895 | Åmot | 1919 | 1921 | Elverum 1919 | |
Bakke | Inga | 1899 | Åmot | 1921 | 1965? | Volda 1921 | Usikkert når Bakke slutta |
Sårheim | Almveig | Åmot | 1966 | 1967 | |||
Gjellestad | Liv | Åmot | 1967 | 1968 | |||
Hushagen | Liv | Åmot | 1968 | 1969 | |||
Gustafssonhære? | Lilly | Åmot | 1969 | 1970 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Allkunne - Skular i Jølster
- Dagbbok for Veiteberg og Åmot 1901-1924
- Dagbok for Åmot skulekrins 1943-1970
- Møtebok for Åmot skulekrins 1917-1971