Ein lyrodd (norr. hlýr (‘baug’) + odd), òg kalla ljørodd i Nord-Noreg, er eit bordkne som dannar ein runda overgang mellom ripa og stamnen på geitbåtar og nordlandsbåtar. I eldre tid har lyroddar vore vanlege på fleire andre tradisjonelle båttypar i Noreg òg.

Lyrodd på geitbåtfæring.
Foto: Olve Utne