Jondal kommune
Jondal kommune ligg i Hordaland, og grensar til Ullensvang, Kvinnherad og Kvam. Administrasjonssenteret er bygda Jondal. Det er ingen tettstader i kommunen.
Jondal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1227 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Jondal |
Areal | 10.72 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 10.72 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1846 |
Sammenslåing(er) | 1965: Kysnes overførd frå Strandebarm |
Fradeling(er) | 1965: Tørvikbygd overførd til Kvam. |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Jondal vart eigen kommune i 1862, då bygda vart skild ut frå Strandebarm. Ved ei kommuneregulering i 1965 vart krinsen Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samstundes som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Den førebels siste grensereguleringa kom i 2013, då området på nordsida av Maurangerfjorden sin munning (Gausvik-Årsand-Hessvik) gjekk frå Kvinnherad til Jondal.
Jondal er ein jordbrukskommune. Dyrehald er viktig, særleg sau og storfe. Det er óg ein del frukt- og bærdyrking. Langs Hardangerfjorden drivast fiskeoppdrett, og ein finn fiskeforedlingsindustri knytta til oppdretten. Det er lange tradisjoner for båtbygging i kommunen.
Kjelder og litteratur
|