Narvestad (Kvinesdal gnr. 170)
Narvestad | |
---|---|
Sokn: | Fjotland |
Fylke: | Vest-Agder |
Kommune: | Kvinesdal |
Gnr.: | 170 |
Ant. bruksnr.: | 10 (2018) |
Type: | Matrikkelgard |
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 gnr. 172 og gamalt matrikkelnummer 316.
Delingar og utskiftingar
Det gamle hovudbølet på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei skilt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør inne og Dør nere. Jens behaldt dei gamle hustuftene på Dør inne. I 1649 hadde gardpartane kvar ei skyld på 9 engelsk. I 1843 reiste Abraham Svendsen nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk namnet Dør inne, blei seinare bruksnummer 3, mens dei gamle tuftene på Dør nere falt til det seinare bruksnummer 5. I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka. I 1868 blei Dør ude (bnr. 4) skild ut frå Dør inne (bnr. 3) på austsida av Kvina. Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør inne (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883, mens Torun Herdis Narvestad fekk utskild ei fritidseigedom Dør inne på austsida (bnr. 3) i 1983. I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør inne (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskild med eget bruksnr. 9 i 2004. Mariann og Ole Jørgen Narvestad bruker eigedommen som fritidsbustad i dag. Tor Gunnar Knabestad fikk utskild ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.
Bruk og eigedomar
Bnr. | Bruksnamn | Type eigedom | Utskild frå | Matrikulert | Løpenr. (før 1886) | Skyld 1950 | Eigar 1886 | Eigar 1950 | Eigarar 1950-2018 | Eigar 2018 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Dør inne/Strand (1886) | Tomt utan eigedomsteig | 644a | 1 mark 48 øre | Tore Jørgensen | Tore Jørgensen | ||||
2 | Dør framme/Skei(1886) | Gardseigedom | 1 | 1883 | 644b | 1 mark 48 øre | Tønnes Jørgensen | Tønnes Jørgensen | Ansgar Narvestad | |
3 | Dør inne | Gardseigedom | 1 | før 1838 | 645a1a, b1a | 1 mark 58 øre | Abraham Svendsen | Torvald Narvestad | Nora Turid Lohne Narvestad | |
4 | Dør ude | Gardseigedom | 3 | 1868 | 645a1b, b1b | 0 mark 32 øre | Jens Jakobsen | Jette Marie Jensdatter Narvestad | 1956: Jens Mikal Narvestad 1988: Erling Narvestad 2000: Kåre Narvestad | Hilde Kristine Narvestad |
5 | Dør nere | Gardseigedom | 3 | 1843 | 645a2, b2 | 1 mark 39 øre | Svend Jørgensen | Sven J. Elias Narvestad | Tone Narvestad Heiland | |
6 | Fritidseigedom | 3 | 1983 | Torun Herdis Narvestad | ||||||
7 | Skogseigedom | ureg. | 1987 | Tone Narvestad Heiland | ||||||
8 | Bustadtomt | 5 | 1993 | Tone Narvestad Heiland og Helge Heiland | ||||||
9 | Dør inne | Fritidseigedom | 5 | 2004 | Mariann Mæland Narvestad og Ole Jørgen Narvestad | |||||
10 | Bustadtomt | 4 | 2005 | Tor Gunnar Knabestad |