Gunnar Fløystad (1902–1977)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnar Fløystad (fødd 22. mai 1902, død 10. januar 1977) var rektor og lærar ved Holt Landbruksskule. Fløystad budde i Austre Moland kommune og var gift med Dagny Holen (1900-1998).

Fløystad tok eksamen på Holt Landbruksskule i 1922. I 1924 tok han forkurs i Volda og gjekk deretter jordbrukslina ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NLH) i 1927. Frå 1927-1928 arbeidde han som fjøsmeistar ved Holt Landbruksskule. Etter eit amerikaopphald frå 1929-1930 tok han til som overlærar ved den same skulen. Denne stillinga sat han med fram til 1968, då han blei konstituert rektor same staden. Fløystad pensjonerte seg i 1970.

Kjelder

  • Nyland, Johan, Holt landbruksskule 75 år : 1907-82, Holt : Skulen, 1982. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.